Radio Islam

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 12-07-02


Ein fugl kviskra meg i øyra at boka til Israel Shahak låg på sidene til "ein
velkjend antisemitt", Ahmed Rami i Radio Islam. Han meinte det ikkje var bra
å leggja ut slike lenkjer på KK-forum.

Slik eg ser det, er Ahmed Rami ikkje først og frems "antisemitt", men litt
forvirra, slik at det materialet han legg ut er av varierande kvalitet. Men
han kjem frå ein del av verda der den typen antisemittisme som historisk er
knytt til den kristne verda er nokså ukjent (i den islamske verda har det
aldri vore noko omfattande etnisk reinsing av jødar som under reconquista og
andre stader i den kristne verda). Difor har har han same tilhøvet til jødar
som til drusarar og armenarar - og blir difor "skummel antisemitt" i våre
augo.

Som sagt meiner eg boka til Shahak er like kosher uansett kva sider ho ligg
på (og Rami har henne på svensk). Men det kunne vore interessant å få andre
synspunkt på dette.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 12-07-02 MEST