Federal Reserve System

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 07-07-02


I artikkelen "jødisk makt" på kk-forum 11.06 skreiv eg:

"Så treng ein også ein rett metode for å arbeida på eit minefelt der det er
lett å trø over. Om nokon kjem med ting som verkar dårleg underbygd, må ein
undersøkja og kritisera. All slik kritikk er av det gode. Men ikkje bruk
stempling som metode. Det er legitimt og viktig å undersøkja desse tinga, og
det er sjølve atmosfæren rundt som har ført til at dette har vorte gjort i
alt for liten grad. Drepande sakleg kritikk: Ja. Stempling: Nei. Og så bør
mineryddarane arbeida på ein open og liketil måte."

Dette er framleis mitt syn på desse spørsmåla. Når det gjeld artikkelen eg
la ut på KK-forum på fredag, var det noko eg i farta sendte vidare utan å
undersøkja detaljane så mykje. Eg har aldri før kjent særleg til amerikanske
konspirasjonsteoriar og slikt noko. Men Per I Mathiesen sin reaksjon syntest
eg var sopass mutt og ha-stemt at eg fekk lyst til å undersøkja litt sjølv.
Dette trur eg er det viktigaste eg har funne så langt:

1. Federal Reserve er eit av favorittemna for amerikanske
konspirasjonsteoriar.

2. Det er truleg fleire årsaker til dette, men eg trur hovudårsaka er at det
er ein viss grad av konstitusjonalisme ute og går. Grunnlova frå 1770-talet,
som for mange amerikanarar er eit heilag dokument, slær vel i prinsippet
fast at gullstandard er grunnlovsfesta i USA. Federal Reserve System er
historisk USA sin veg bort frå gullstandarden.

3. Leksikonet mitt (Cappelen) seier dette om FRS: "Betegnelsen på
sentralbanksystemet i USA, innført i 1913. USA er inndelt i tolv distrikter,
som alle har sin Federal Reserve Bank. Disse fungerer som sentralbanker i
sine distrikter. Øverste styre er Federal Reserve Board i Washington DC.
FR-bankene er offentlige institusjoner, men aksjekapitalen eies av
privatbankene i distriktet. Federal Reserve System har ansvaret for USAs
pengepolitikk, og står fritt i forhold til finansdepartementet."

4. Kva rolle FRS hadde i spekulasjonsbobla som førte fram til kollapset på
Wall Street i 1929 har eg ikkje det minste snøring på, men dette er
interessant når vi kjem til neste punkt.

5. Konspirasjonteorien byrjar i bølgjene etter børskrakket. Kongressmannen
Louis T. McFadden, som så vidt eg ser hadde bakgrunn som finanspolitikar,
heldt ein tordentale i Kongressen mot FRS, der han hevda at det var ein av
dei mest korrupte institusjonane i verda. Eg siterer frå ei av dei mange
sidene som har akkurat denne talen/historia:

http://iresist.com/cbg/mcfadden.html

"On May 23, 1933, Congressman, Louis T. McFadden, brought formal charges
against the Board of Governors of the Federal Reserve Bank system, The
Comptroller of the Currency and the Secretary of United States Treasury for
numerous criminal acts, including but not limited to, CONSPIRACY, FRAUD,
UNLAWFUL CONVERSION, AND TREASON. The petition for Articles of Impeachment
was thereafter referred to the Judiciary Committee and has YET TO BE ACTED
ON."

I følgje desse kjeldene - som eg ikkje har føresetnader for å vurdera - vart
Louis T. McFadden utsett for eit attentatforsøk med revolver, eit forsøk på
forgifting, før han døydde av hjartestans i 1936.

Eg har enno ikkje funne noko om McFadden i meir seriøs/anerkjent litteratur.

6. Den neste nøkkelmannen i denne historia er derimot enklare å finna
seriøse kjelder på. Det dreier seg om Ezra Pound. Mitt leksikon seier:

"Ezra Weston Loomis Pound (1885-1972), amerikansk dikter, 1908-20 var han
bosatt i London, deretter flyttet han til Paris, for så å slå seg ned i
Italia. Sammen med R. Aldington, T.E.Hulme og H. Doolittle grunnla han den
imagistiske skole, og trekk herfra kom stadig tydeligere fram i diktningen
hans: Personae (1909), Exultations (1909), Ripostes (1912), Lustra (1917). I
1920 kom det kjente Hugh Selwyn Mauberley. Under 2. verdenskrig uttalte han
seg profacistisk og til støtte for Mussolinis sosiale program i italiensk
radio, og ble av den grunn anklaget for forræderi i 1946. Han ble imidlertid
ikke dømt, men erklært sinnsyk og internert fram til 1958. I 1961 vendte han
tilbake til Italia. Pounds storverk er hans Cantos, som han skrev på og
utgav etterhvert som de ble ferdige fra 1925 til 1969. På norsk kom bl.a
Dikt i utvalg i 1971."

Pound engasjerte seg sterkt mot Roosevelt når det galdt amerikansk deltaking
i andre verdskrig. Medan han var internert på St. Elizabeth's Hospital i
Washington, DC (eit føderalt sinnssjukehus) etter krigen bad han ein viss
Eustace Mullins grava i saka, og dekte delvis kostnadene til Mullins av
eigne middel. Mullins gav ut boka "The Secrets of the Federal Reserve" i
1952, med nytrykk på eige forlag i 1993.

Så langt dei fakta eg har greid å grava fram så langt frå kjelder av litt
varierande kvalitet. Så ei lita posisjonsforklaring.

Etter mitt syn er den intellektuelle sine plikter svært enkle. Illojalitet -
eller som Garborg sa: "Sandheden, sandheden - om den saa skulle føre til
Helvede."

Det tyder ikkje at eg trur at intellektuelle er heilt "frie". Tvert om er
eg - frå eit litt anna utgangspunkt - svært samd med mykje av det Skullerud
sa i innlegget "teologi" i går. Eg trur alle menneske byggjer synet sitt på
verda på sanningar eller tankestrukturar som vi reknar som sjølvinnlysande
og fundamentale. Det trur eg kvekaren Skullerud gjer like mykje som td.
marxisten Terje Valen. Og eg synest det er enklare å forhalda seg til folk
som er medvitne eigne dogme enn folk som hevdar å vera fullstendig
"fordomsfrie". På same måte som det er enklare å forhalda seg til
partiaviser enn til fullstendig "frie" aviser.

Samstundes trur eg ikkje på den totalitære logikken som ligg i å avgrensa
det offentlege ordskiftet slik at det folk seier må vera i samsvar med eit
eller anna verdsbilete - det anten det er Hitler sitt eller tredvetalets
boljevisme, eller noko anna. Ein må kunna leggja fram ting offentleg - og så
får det beste argumentet avgjera.

Så til sjølve saka. For min del er korkje tiltru til FRS eller til
amerikansk psykiatri grunnleggjande dogme. Og når det gjeld sinnsjukdomen
til Pound, har eg sant å seia lite tru på han. Det blir som dei svekka
åndsevnene til Hamsun - les "Paa gengrodde stier", og du sluttar å tru på
slikt.

Når det gjeld FRS, synest eg selskapsforma "offentleg institusjon, privat
eigarskap" er utruleg interessant - særleg når det gjeld ein så mektig
institusjon. Utgangspunktet mitt her er vel at under kapitalismen ligg makta
i eigarskapet - jamfør synspunkt på KK-konflikten i 1997 som eg tidlegare
har lagt ut her på KK-forum (difor er eg og tilhengar av den nye
eigarstrukturen i avisa).

Eg kjem difor til å følgja denne saka vidare. Men eg må jo ærleg vedgå at eg
blir eit lykkeleg menneske om nokon no kjem med "drepande sakleg kritikk",
og punkterer viktige punkt i indisiekjeda over.

Og nok ein gong: Eg trur ikkje på konspirasjonar. Men eg trur ikkje
konspirasjonsteoriar på eit felt er eit sikkert teikn på at alt er som det
skal vera.

Beste helsing

Hans Olav Brendberg



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST