Den raude kviga

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 28-06-02


Fyrst litt Bibelstoff:

I det nittande kapittelet av fjerde Mosebok står det:

”Og Herren tala til Moses og Aron og sa: Høyr no eit lovbod som herre hev
gjeve! Han sa: Seg til Israelsborni at dei skal koma til deg med ei raud
kviga so ikkje hev lyte eller veila og aldri hev vore under åket.

Den skal de gjeva til Eleasar, presten, og han skal leida henne utanfor
lægret, og dei skal slakta henne for augo hans.

Og Elasar, presten, skal taka noko av blodet hennar på fingeren og skvetta
sju gonger burt imot framsida av møtetjeldet.

So skal dei brenna kviga for augo hans; både hudi og kjøtet og blodet, og
møki med skal dei brenna.

Og presten skal taka sedertre og isop og karmosinraud ull og kasta på elden
som kviga brenn i.

Sidan skal han två klædi sine og lauga lekamen sin i vatn, so kann han koma
inn i lægret; men han skal vera urein alt til kvelds.

Den som brende kviga, skal og två klædi sine og lauga lekamen sin i vatn og
vera urein til kvelds.

Og ein mann som er rein, skal samla i hop oska av kviga, og leggja henne på
ein rein stad utanfor lægret, so ho kann gøymast åt Israels-lyden til
reinsingsvatn; det er eit syndoffer.

Men den som samla oska av kviga, lyt två klædi sine og vera urein til
kvelds. Og dette skal vera ei æveleg lov både for Israels-borni og dei
framande som bur millom dei.”

Poenget er: Det er ikkje ofte det blir født heilt raude kvigekalvar. Sist
det skjedde i Israel var i 1997. Etter ei stund oppdaga rabbiane kvite hår
ved halen, og kandidaten til ”den raude kviga” vart forkasta. Kalven den
gongen var eit tidleg produkt av eit avlsprogram som ei gruppe med
kristenfundamentalistiske kvegrancharar frå Texas har sett i gang.

I mars i år vart det igjen fødd ein raud kvigekalv – kan henda med betre
resultat. Om kviga veks opp utan skjemmande kvite hår, og om ikkje ein eller
annan modig sjel får lagt åk på dyret, risikerer vi at seremonien med
brenning av dyret blir gjennomført, slik at ein får eit gyldig reinsingsvatn
etter skrifta.

Poenget er at tempelhøgda er forbode område for ortodokse jødar. Tempelhøgda
er forbode fram til Messias kjem og gjenoppbyggjer tempelet. Og det er her
reinsingsvatnet frå den raude kviga kjem inn i biletet: Om ortodokse jødar
tvettar seg i vatn frå oska etter den raude kviga, blir Tempelhøgda lovleg
for dei.

Med andre ord kan dette setja fart i planane om å sprenga Klippedomen og
al-Aksa i lufta.

Grunnen til at eg dreg fram dette no, er at eg ser at rabbien som
kommenterer Toraen i Shma dreg fram ”raud kvige”-historia no – utan å
kommentera eskatologien (endetidsforventningane) som er knytt til dette.

Sjå elles: http://www.nationalreview.com/dreher/dreher041102.asp

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST