Jødisk fascisme

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 27-06-02


Framveksten av fascistiske rørsler og ideologi mellom jødar i Israel og USA
er eit interessant trekk ved krisa i Palestina. Godbiten eg la ut i går trur
eg er rimeleg typisk for denne gjengen. Men kor sterkt står den jødiske
fascismen, og kva er bakgrunnen for han?

Israel Shahak legg vekt på kor viktig det er å skjøna kor lukka det
klassiske, jødiske samfunnet (fram til 1780) var. I det Osmanske riket vart
folk styrt av "etnarkar" som styrte kvar sine religiøse grupper. Du vart
ikkje styrt av fyrsten, men av overhodet for di religiøse gruppe. Erkebiskop
Makarios på Kypros er eit døme på ein som spelar rolla som etnark.

I Europa er jødane det store unnataket - i middelaldereuropa var jødane ein
kollektiv, juridisk person underlagt rabbiane. Dei var såleis einaste gruppa
som var underlagt etnarkar, og der du difor får ein "balkanproblematikk" når
det gjeld nasjonal frigjering (jmf. Kroatia og Serbia). Jødane hadde
religiøse reglar som hindra alminneleg, sosial kontakt med ikkje-jødar - og
vart straffa av rabbiane (pryl m.m) om dei ikkje heldt seg til lovene.
Rabbiane bygde makta si på femte Mosebok, som uttrykkeleg gjev prestane rett
til å ta livet av dei som ikkje rettar seg etter lova.

Dette autoritære trykket gav seg då dei europeiske statane på
attenhundretalet monopoliserte dødsstraffa, slik at rabbiane ikkje lenger
kunne ta livet av brysame element.

Shahak nemner eit interessant døme frå revolusjonsåret 1848. Det reaksjonære
og antisemittiske Metternichregimet tillot ikkje giftmord på liberale jødar.
Då revolusjonen førde til at regimet mista kontrollen, tok rabbinarane i
Lvov med ein gong livet av den liberale rabbien den vesle gruppa med
ikkje-ortodokse jødar hadde importert frå Tyskland. Historisk har drap på
"brysame element" vore akseptert innanfor dei jødiske samfunna - og har vore
ein del av overlevingsstrategien som har gjort at jødedomen har overlevd som
ein eigen identitet.

Det er ein del av dette som no blir vekt til live i den jødiske
undergrunnen. Baruc Goldstein som skaut ned bortimot femti folk i moskeen i
Nablus er eit godt døme på mentaliteten. Men det ville ikkje overraska meg
om du i neste omgang får systematiske drap på opposisjonelle jødar.
Drapslysta er der - mellom anna John Malkovich slapp nokså billig unna
offentlege drapstrugsmål mot Robert Fisk.

Kor sterkt står desse fascistiske kreftene? Det er vanskeleg å seia. I
Israel har dei hegemoniet innanfor busetjarrørsla. Det dreier seg om fleire
hundre tusen folk. I USA står dei også rimeleg sterkt. Eit av problema er at
den jødiske antifascismen er veik. I USA har du ei mengd jødar som
etterkvart blir integrert i det amerikanskje samfunnet, som ikkje
identifiserer seg med Sharon, og som gifter seg med ikkje-jødar. Men i denne
samanhengen tyder desse lite - dette dreier seg om det organiserte, jødiske
samfunnet. Og når dette samfunnet markerer seg, som i den store
demonstrasjonen i New York tidlegare i vår, går "liberale" og Kahanistar
hand i hand. Kahane ville "reinsa" jødedomen for "hellenisme" - vestleg
humanisme. Han drøymde om at alle jødar ville bli tvungne til å reisa til
Israel - slik at ein igjen kunne oppretta eit rabbinsk styre. I denne
samanhengen tyder dette m.a. rett til å straffa dei som ikkje held den
heilage lova. Det er denne makta til å straffa brysame element som
ekstremistane drøymer om - og som jødedomen som religion hadde fram til ca.
1780. Ønsket om å ta livet av "sjølvhatande jødar" er uttrykk for ein
ideologi som ikkje kan kallast anna enn fascisme.

Hans Olav Brendberg



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST