Molte og klimavariasjon

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 23-06-02


Karsten Johansen har tidlegare sagt litt om kor meiningslaust det er å seia
noko om klima ut frå lokale tilhøve. Eg masar likevel på mitt, og eg har
grunnar for å gjera det. Det meste som finst av kunnskap om klimavariasjon
her i landet er lokal. Der folk har levd i og av naturen - på bygdene - har
folk følgt med og notert seg årsvariasjonar i generasjonar. Eg kjenner folk
som har ført dagbøker over ver og naturmerke sidan femtitalet.

Difor vil lokale utslag vera noko folk bit seg merke i. Det vitskaplege
ordskiftet er utilgjengeleg for folk flest - formørka som det blir av media
og intellektuelle støysendarar. Dei lokale utslaga er synlege for alle som
kan å tolka teikna.

Nokre naturteikn kjem til nøyaktig dato. Tjelden kjem til Kvenværet 12. mars
kvart år. Han kan vera ein dag sein, eller ein dag for tidleg. Men med svært
små variasjonar.

Andre teikn kjem innanfor eit tidsspenn. Dato for moltesesongen har
natulegvis hatt ein viss interesse. Han brukar byrja mellom 10-15. juli.
Dette kan sjølvsagt bli forsinka på kalde, våte somrar. Eller ei veke
tidlegare i varme år.

Eg kjem nett no tilbake frå moltetur. I år 2002 står molta mogen til Jonsok
på Gjelsøya. Det finst ikkje noko anna ord for det enn ekstremt.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST