Dag og Tid/Science: Smeltesjokk ved Sørpolen

From: Karsten Johansen (kavejo@ifrance.com)
Date: 22-06-02


"– Modellane til FN sitt klimapanel legg opp til ei sakte, lineær
utvikling i klimaet. Men vi veit at det ikkje alltid er slik det går
føre seg. Klimaet endrar seg ofte i sprang, og historiske klimadata
syner at store endringar ofte har kome brått – i blant så fort som i
løpet av 20-30 år. Menneska er rett nok ganske tilpassingsdyktige, men
det er ei stor utfordring å skulle tilpasse seg store klimaendringar på
eit par tiår."

Konklusjonen på artikkelen nedenfor fra Dag og Tid. Som sagt før: alle
oljelobbyistene osv. går automatisk ut fra at dersom FNs klimamodeller
bommer, er det nødvendigvis ved å overvurdere størrelsen av og faren ved
den globale oppvarminga. Det nesten ingen synes å tenke på, er at det
like gjerne kan være omvendt. At de undervurderer. At alle de såkalte
"dommedagsprofetiene" er for optimistiske.

Karsten Johansen

Dag og Tid nr. 25, laurdag 22. juni 2002

Klima:

Smeltesjokk ved Sørpolen

Delar av isen i Antarktis smeltar langt raskare enn ein har trudd til
no, syner ein ny studie i tidsskriftet Science. Tala er
oppsikts-vekkjande, meiner Pål Prestrud, direktør for Cicero senter for
klimaforsking.

Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Nok ein gong er verda inne i eit ekstremt varmt år. 2002 ligg så langt
an til å bli det nest varmaste året sidan dei systematiske målingane tok
til i 1880, berre slått av 1998. Frå januar til mars i år var
gjennomsnittstemperaturen på jorda 0,7 gradar over snittet frå åra 1961
til 1990.

Men vel så urovekkande som den generelle temperaturstiginga er somme av
konsekvensane oppvarminga får. Ikkje minst gjeld dette utviklinga i
Antarktis, som er heim for 91 prosent av isen i verda. Ny forsking tyder
på at delar av isen på kontinentet er i ferd med å smelte langt raskare
enn ein før har trudd.

Farvel til Larsen B

Frå januar til mars kom det kanskje mest dramatiske einskildutslaget av
den globale oppvarminga så langt i år. Da knakk eit kolossalt isflak
laus frå fastlandsisen på Antarktis-halvøya, og løyste seg opp i
tusenvis av isfjell som dreiv ut i havet. Dette var heilt ulikt den
vanlege kalvinga som skjer ved isbrear. Flaket var 3250 kvadratkilometer
stort, 200 meter tjukt, og hadde ei vekt på kring 500 milliardar tonn.

Dette gigantflaket var den siste delen av den såkalla Larsen
B-isbremmen, som låg på den nordaustlege sida av Antarktis-halvøya.
Larsen B har bit for bit gått i oppløysing sidan 1985, går det fram av
ein artikkel i siste nummer av Cicerone, bladet til Cicero Senter for
klimaforsking i Oslo. Siste stykket gjekk altså med i eit einaste stort
rykk.

Uvisse om Vest-Antarktis

Dei såkalla isbremmane i Antarktis heng saman med fastlandsisen, men
kviler på sjøvatnet. Isbremmane stikk ut frå fastlandet omtrent som
bremmen på ein hatt. Fordi dei ligg på vatnet, påverkar dei ikkje
havnivået når dei smeltar.

Men det viktige spørsmålet her gjeld ikkje isbremmane i seg sjølve.
Spørsmålet er kva som kjem til å skje med iskappa på fastlandet i
Antarktis. Berre som ein illustrasjon: Skulle all isen på kontinentet
smelte, kom havnivået i verda til å stige med kring sekstifem meter.
Dette er heldigvis ekstremt lite truleg, sjølv på svært lang sikt,
meiner forskarane.

Men når det gjeld isen i Vest-Antarktis, ikkje minst på den 1000
kilometer lange, smale Antarktis-halvøya, er det større uvisse om kva
som kan skje. Studiar tyder på at store delar av Vest-Antarktis har vore
isfritt i tidlegare tider. På halvøya har temperaturen stige langt meir
enn verdsgjennomsnittet dei siste tiåra. Ein av målestasjonane syner ei
lokal temperaturstiging på nesten to gradar dei siste tjue åra. Og
dersom all isen i Vest-Antarktis skulle smelte, er det åleine nok til å
få havet til å stige fem meter.

– Oppsiktsvekkjande tal

Her kjem dei omtalte isbremmane inn. Satelittmålingar tyder på at desse
bremmane smeltar mykje fortare enn venta, går det fram av ein studie som
vart presentert i siste utgåve av tidsskriftet Science. Forskarar ved
Columbia-universitetet har studert utviklinga til 23 isbremmar i
Antarktis ved hjelp av satelittmålingar. Desse isbremmane smeltar årleg
ned med mellom fire og 40 meter der dei er festa i isen på land, syner
satelittmålingane. I snitt går nedsmeltinga av desse bremmane dobbelt så
fort som venta.

– Desse tala er ganske oppsikts-vekkjande, meiner Pål Prestrud, direktør
for Cicero senter for klimaforsking i Oslo.

– Om dette stemmer, er det mykje meir dramatisk enn det som har blitt
skrive om isen i Antarktis tidlegare.

Mange forskarar trur at isbremmane støttar opp dei enorme ismassane inne
på land. Om bremmane blir borte, kan meir av denne isen sprekke opp,
eller flyte raskare ut i sjøen. Men for ei slik utvikling finst det
ikkje mange velfunderte prognosar, til det er feltet for lite studert.

Varmare vatn

Grunnen til den raske nedsmeltinga av isbremmane er etter alt å døme at
havvatnet i området er i ferd med å bli varmare. Temperaturen i delar av
Weddelhavet ved Vest-Antarktis har til dømes stige med meir enn 0,5
gradar sidan 1975. Studien i Science hevdar at nedsmeltinga av
isbremmane vil auke med ein meter i året for kvar tiandedels grad
temperaturen i vatnet stig. Og ein av dei sikrare spådommane på dette
uoversiktlege feltet, er at temperaturen i havet kjem til å halde fram
med å stige.

Smeltinga av isbremmane kan dessutan vere ein sjølvforsterkande prosess,
påpeikar Pål Prestrud.

– Når bremmane smeltar delvis ned, blir dei lettare og flyt opp i
vatnet. Dermed kan varmare vatn kome lenger inn mot land, og ein større
del av bremmen kjem i kontakt med vatnet. Slik kan ein raskare få eit
samanbrot i isbremmen, som kan løyse seg opp.

Oppheta polområde

For ein lekmann er det vanskeleg å lese om utviklinga i Antarktis utan å
spørje seg: Kor engsteleg er det grunn til å bli? Pål Prestrud ønskjer
ikkje å dramatisere for mykje.

– Det er mange spekulasjonar om isen i Antarktis, og ein del av dei har
for mykje preg av skrekkvisjonar. At heile iskappa på kontinentet skulle
smelte, er til dømes ekstremt lite sannsynleg. Men at nok av isen der
kan smelte til at det påverkar havnivået, er ikkje umogleg.

Brå sprang

Prestrud legg vekt på at dei globale klimamodellane tyder på ei sterkare
oppvarming i polområda enn på jorda generelt.

– Dette ser vi allereie skje, ikkje minst i nordområda. Sjølv om det
ikkje gjeld Skandinavia i så stor grad, har oppvarminga vore langt
sterkare i det nordlege Nord-Amerika og nord-Russland enn andre stader
på jorda.

Eitt av dei største problema med å spå om klimautviklinga, og dermed om
konsekvensane for kvar einskild region i verda, er at endringane slett
ikkje treng å kome jamt og trutt. Det gjeld ikkje minst utviklinga i
polområda, påpeikar Prestrud.

– Modellane til FN sitt klimapanel legg opp til ei sakte, lineær
utvikling i klimaet. Men vi veit at det ikkje alltid er slik det går
føre seg. Klimaet endrar seg ofte i sprang, og historiske klimadata
syner at store endringar ofte har kome brått – i blant så fort som i
løpet av 20-30 år. Menneska er rett nok ganske tilpassingsdyktige, men
det er ei stor utfordring å skulle tilpasse seg store klimaendringar på
eit par tiår.

© Dag og Tid

 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST