Under pari

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 14-06-02


Det er sikkert mykje fint ein kan seia om Erling Fossen. Han er sikkert
ikkje så valdsfiksert som han sjølv seier (han brukar berre kroppen til sex
og aggresjon, etter eige utsagn). Kanskje er han heller ikkje alkoholikar,
for alt eg veit. Men det eg kan minnest, har han stort sett hatt ein tendens
til å forsøpla alle dei ordskifta han tek borti, jamfør siste svar til
Karsten Johansen - "den globale oppvarmingen løper løpsk nå".

Kanskje er ikkje Fossen så ubrukande i praktisk arbeid heller som han
freistar gje inntrykk av. Kva med å bretta opp ermene, og ta i eit tak på
Grønmo, Fossen?

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST