kritikk av islamismen

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 12-06-02


Etter ei kjapp gjennomlesing er konklusjonen min at artikkelen Bjarke synte
til var god, og berre i mindre grad prega av den grøftekøyringa du ofte
finn hjå eksilvenstre frå muslimske land. Eg trur kanskje forfattarane
undervurderer den islamistiske opposisjonen - muslimbrørne - i Egypt som
tyngdepunkt, og legg for einsidig vekt på Saudi og Iran.

Fellestrekka i dei islamske rørslene finst sjølvsagt, og har mellom anna
samband med religion. I kristen teologi er det eit grunnleggjande skilje
mellom religiøs og sekulær makt: "Gje keisaren det som keisarens er", som
Jesus seier i evangeliet. I islam er det ein grunnleggjande identitet mellom
religion og stat. Innanfor det kristne området er romarretten - ein
ikkje-kristen rettsformasjon - sentral for rettsutviklinga. I islam er
parallellen - sharia - ein del av religionen. Det tyder ikkje at romarretten
er meir "avansert" enn sharia - berre at dei to rettsvitskapane i opphavet
har ulikt tilhøve til religionen.

På mange måtar meiner eg det gjev meining å seia at den moderne, sekulære
staten har vakse fram innanfor dei opningane som fanst i klassisk
kristendom, og at du ikkje finn "parallelle" opningar innanfor islam. Difor
får du anten eit tilbakeslag i islamske land, som i landa med islamistiske
rørsler, eller du får ein anstrengt sekulær tilstand - som i Tyrkia, der du
heile tida må bruka makt for å vedlikehalda den sekulære staten.

Men sjølv om det er viktige fellestrekk, meiner eg det blir for enkelt å
avskriva alle desse rørslene utan vidare, særleg om det inneber støtte til
regime som fører krig mot sitt eige folk, som i Algerie.

Det er mogleg å hevda at sosialismen som rørsle har hatt mange viktige
fellesdrag: Liten grad av religionsfridom i land der sosialistane har hatt
dominerande makt, mykje bruk av tvangsmiddel og eit opportunistisk tilhøve
til menneskerettar. Det er mykje sant i alt dette - eg meiner likevel eit
slikt bilete likevel blir falskt, avdi det blir for generelt og upresist, og
overser viktige samanhengar.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST