Desentralisering

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 20-05-02


Eg må berre orsaka om Hermann Hansen synest eg "snakkar forbi" han. Det går
litt fort for seg nett no - eg har godt arbeidsver, skal ha potet og gulrot
i jorda - og er i tillegg plaga med kløtsjen på båten. Difor går det litt
fort for seg når eg set meg ved datamaskina innimellom.

Eg er i all hovudsak samd med den analysen du legg fram i det siste
innlegget. Poenget mitt er dette: Om du skal "kopla på" den kompetansen til
å lesa makta som finst hjå politiske aktivistar i og utanfor Oslo, trur eg
du treng ein person i redaksjonen i Oslo som har kunnskapen sin og
kontaktnettet sitt knytt til miljø utanfor Oslo. Avdi eg trur arbeidsvilkåra
er slik at dette blir "usynleg" og bortprioritert om det ikkje er ein mann
på morgonmøtet som seier frå der og då. Eg vil altså ha ein person med dei
politiske beina trygt planta på jorda utanfor Oslo, som kan driva den
daglege kampen for å få denne forståinga inn i avisa. Avdi eg vil at avisa i
viktige saker skal ha dette som ein del av perspektivet sitt - i staden for
å ha "hovudstadsavis med distriktskakepynt".

Kva dreier "distriktspolitikk" seg om? Robert Fisk peikar i boka "Pity the
Nation" på at ein av grunnane til at FN-styrkane i Sør-Libanon trass i alt
greidde å spela ei positiv rolle og var nokså godt likt mellom folk, var at
to av dei sentrale kontingentane var sett saman av bygdegutar frå Noreg og
Irland. Dei hadde forutstetningar for å takla ein "framand" kultur som
arbeidarklassegutar frå Liverpool ikkje ville hatt. Eller med andre ord:
"Distriktspolitikk" dreier seg om perspektiv, ikkje om ei "sak". Den norske
venstresida (ikkje KK spesielt) har valt å dyrka storbyghettoen framfor å
byggja opp eit kontaktnett, og sjå viktige mønster i samfunnet. Dei har
dyrka ein urban, sjølvgod og politisk blind kultur.

Eg er samd med dei som meiner avisa er alt for svak (og langt på veg samd
med Braanen når det gjeld årsakene). Samstundes: Ein av dei mest profilerte
skribentane i KK etter 1997 er Magnar Mikkelsen - og eg synest spalta hans
utgjer noko som er betre enn ingenting. Når det gjeld språkspørsmål, som er
ein del av denne diskusjonen, har Rolf Theil Endresen ei spalte som eg
synest bidreg til å løfta avisa. OK - dette er spinkelt. Men det er eit
teikn på ei viss godvilje - og så må ein ha konkrete framlegg til korleis
ein skal kome lenger. Mitt utgangspunkt er altså at eg vil ha ein "sterk
mann" i redaksjonen som opnar avisa denne vegen - eg trur ikkje på noko anna
(ikkje desentraliserte kontor, ikkje fagre løfte, ikkje vedtak om
prioritering, ikkje strategiplanar).

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST