Fredsprisen til Juul/Rød-Larsen

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 10-05-02


Stein Erik Jonassons kritikk mot Braanen sin leiar i Klassekampen er etter
det eg kan sjå på sin plass.

På den eine sida er det heilt klårt at Juul/Rød-Larsen har vore
hjarteskjerande naive når dei har teke imot ein pengepris, og ikkje i
ettertid sytte for å få papir underskrive av den norske utanriksministeren
der han gratulerer dei med prisen og pengane. Med eit slikt papir ville dei
vore skotfrie, og Jagland fått eventuelt skyts mot seg. Men naivitet har jo
på ein måte vore ei forutsetning for den konstruktive rolla Juul/Rød-Larsen
spela i den tida Osloavtalane vart bygt, uansett kva ein måtte meina om
desse avtalane (sjølv meiner eg dei på mange måtar var fatale).

Samstundes meiner eg ei formalistisk tilnærming, der ein ikkje skil mellom
"gåve" og "pris" blir vonlaus. Utgangspunktet er jo at folk i
utanrikstenesta ikkje skal ta mot gåver. Samstundes veit alle at ein norsk
diplomat som får Nobels Fredspris, ikkje vil gje denne til UD. Og det er i
denne gråsona ekteparet har hamna.

Då er det heilt utilgjeveleg at ikkje UD ryddar raskt og utvetydig opp - i
staden for den manøvren Petersen gjer, der han etter dagar med fommel i
tillegg freistar gjera partipolitisk vinst på landsmøtet
("Midt-austenpolitikken styrt av ein AP-klikk"). I den politiske konteksten
er dette utspelet til Petersen noko av det ynkelegaste og mest moralsk
forkrøpla vi har sett i noko norsk regjering. Det får Bondevik sine utsegner
om at vi ikkje var i krig då bombinga byrja i Jugoslavia til å framstå som
høgverdig etikk frå ein moralsk vismann.

Israel spelar medvite på at dei aller fleste som sit med ansvar i denne
lapskausen er feige apparatfolk utan ryggrad. Når Rød-Larsen ikkje var det i
Jenin, hadde dei liggjande ei sak dei sjølv hadde konstruert, og som dei
kunne bruka som dolk i ryggen. Dei rekna med at det fanst nok pygmear i UD
og i regjeringa som også kunne tenkja seg å dolka på grunn av alminnelege og
småskorne omsyn. Det hadde dei rett i. I ein slik situasjon er det ikkje
Klassekampen si oppgåve å bidra til forvirringa. I ein situasjon der
Rød-Larsen for ein gongs skuld har tydeleg rett rygg, bør Klassekampen ta
klår stilling mot dette billige forsøket på å sverta. So enkelt er det i
grunnen.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST