Moderne, altså rasistar

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 6 Aug 1999 08:12:10 GMT

På tampen av den norske fellesferien, og som eit apropos til leiarartikkelen
i KK om grilldress-rasistane, sender eg ein liten artikkel frå den spanske
avisa El País (Madrid).

Rasistvald og rasistiske brotsverk har gripe om seg på alarmerande vis i
Katalonia denne sumaren. I eit land som briska seg over å vera i ly for
dette fenomenet, har desse hendingane verka som eit elektrosjokk.

"La oss gleda oss! Spanjolane kan endeleg skryte over å ha blitt moderne.
Me er endeleg utvikla og framgangsrike nok, også me har no våre organiserte
bandar av rasistar, som har som hovudaktivitet å banke utlendingar
akkompagnert av det subtile og intelligente ropet: "Skitne arabarar!" ...
Held lynsjinga fram på denne måten, endar me opp med å stable på beina vår
eigen iberiske Ku Klux Klan - som amerikanarane i Hollywood-filmar... for
ein fryd!

I tidlegare tider, då me var eit lite fattig land av emigrantar, var me
overtydde om at me ikkje var rasistar. Me hadde vel ikkje hatt høve til å
stille oss spørsmålet ein gong. For med unntak av sigøynarar, som me alltid
har mishandla, har me i hundrevis av år levd innestengde oss imellom i eit
svært homogent samfunn. Men ved hjelp av rikdom og framgang har
innvandringsportane i dag opna seg, og me ser smått om senn alle
menneskelege hudfargar koma til syne. Stilt overfor dette fenomenet har me
andre spanjolar, som reagerer på heroisk vis som ein person, bestemt oss for
å vera like opent rasistiske som innbyggjarane i dei andre postindustrielle
landa. Me går såleis til åtak på marokkanarar i Terrassa (nær Barcelona), me
krev at moskeen i Banyoles (nær Gérone) blir stengt, me utviser rumenske
sigøynarar i fleng. Me gjer det på skikkeleg vis. Det er ingen tvil om at me
høyrer til klubben av mektige nasjonar: For finst det noko betre prov på
makt enn å knuse dei svakaste?

På ei strand ved Miami kasta den amerikanske kystvakta her om dagen seg ut i
eit regelrett sjøslag mot kubanske "balseros" som freista å koma seg til
lands. Dei blei haldne på avstand ved hjelp av vasskanonar og tåregass. Det
var synet verdt, og eg ser for meg turistane i badedrakt, med lukt av
kokosnøttolje og solkrem, som mora seg med å sjå på dette. Kva ventar me på
for å gjera likeins i Tarifa (med innvandringskandidatane som kryssar
Gibraltarstredet i stappfulle små fiskebåtar)? Er det ikkje til sjuande og
sist moderniteten som utspelar seg i all sin prakt?"

© Rosa Montero/El País (omsett av Oddmund Garvik)


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : vos encheres On-line : http://ifrance.aucland.fr