Re: Politisk uutholdelig letthet

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 29 Jul 1999 21:06:34 GMT

At 19:50 29/07/1999, Arne Eriksen wrote:

> Ærlig talt tror jeg at Oddmund Garvik forstår hvem som er målgruppen for
>oppropet. Og i så fall er det praktisk politisk arbeide - for de standpunkt
>som Garvik har erklært seg enig i - som Garvik hever seg høyt over og
>boikotter.
>Det har han selvfølgelig lov til. Men det virker uutholdelig lettvint.

Tja, det kan hende du har rett i det, Arne Eriksen. Det kan hende det er
lettvint.

Eg minnest ikkje om du høyrde til "krigsmotstanden", men om dei som ikkje
var "krigsmotstandarar" no vil koma fram til eit kompromiss med desse, er det
deira sak. Det er ikkje urespektabelt, men for meg er det likegyldig. I mi
vesle verd er det lenge sidan slikt var tema i det heile teke. Eg har snudd
ryggen til denne "venstresida". Eg trur ikkje ein gong det finst noka
eintydig "venstreside".

Det einaste eg ser, er den fleirnasjonale kapitalen som svevar over
nasjonane, og verdssheriffen sjølvsagt. Nokre fascist-regime her og der.
Kina og Russland. Det uendelege menneskehavet i den tredje verda. Og så er det
vel vanskeleg å oversjå den andre rike, inntørka, hovudsakeleg anglosaksiske
verda. Alle koloniherrar og undersåttar.

Det finst motkrefter. Men motkreftene er berre sporadiske, nokså
uorganiserte og slett ikkje eintydige. Difor blir optimismen også noko
sporadisk. Eigentleg trur eg Samuel Beckett hadde rett då han skreiv: "Words
are all we have." Kva er alt dette anna enn ord, og atter ord?

Opprop er berre ord. Kanskje dei kan få nokre til å tenkje seg om, men det
er ikkje opprop som forandrar verda. Det kommunistiske manifestet var eit
slags opprop. Det forandra eigentleg ikkje verda. Det gjorde ting enda
verre, og mange strauk med til inga nytte.

Eg veit at all denne polemikken ikkje fører nokon stad. Det er vel berre det
at eg nok like stor trong som mange andre til å markere meg, setje spor i
sanden, eller leggje frå meg litt lort her og der. Det er eit gamalt
fenomen. Like gamalt og forfengeleg som menneskeslekta. Det luraste ville
kanskje vera å halda kjeften, gøyme lorten sin liksom dei fleste andre, men
det har alltid vore vanskeleg for meg.

"Politikken" min er blitt nokså minimalistisk. Eg er for mangfald på alle
område: I krig og fred (les: livet), i kulturen, i forplantinga. Eg er for
fridom. Men ikkje på kva som helst vilkår. Eg er mot utbytting og
undertrykking. Dette er i korte trekk det eg "står" for. Og det er med
dette eg forfektar tankane mine her på KK-forum. Eg er ein fri fugl. Det
hender eg flyr med vinden, men eg likar best å segle i motvind. C'est comme
ça! Det er kanskje uuthaldeleg, men slett ikkje så lettvint som du vil ha
det til...

Oddmund Garvik


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : vos encheres On-line : http://ifrance.aucland.fr