Tankar etter "stormen"

Olve Steinset (olves@online.no)
Tue, 14 Oct 1997 12:28:04 +0100

Tankar etter "stormen".
Så er endeleg redaktørspørsmålet over for denne gongen, rett nok med nokre
etterdønningar - slik er det alltid etter eit uver. Vi er vane med det her
på nord Vestlandet. Når stormen og innimellom orkanen har "lagt seg", er
det ikkje ei kjensle av siger ein sit med, snarare ei audmjuk beundring for
dei veldige kreftene ein må læra seg å leva med. Det er liksom ikkje så
mykje å hovere over alle dei materielle skadene, som stundom møter ein
etter stormen sine herjingar.

Det er litt med den same kjensla eg sit her no. Sjølv om det gjekk slik eg
ynskte, så veit eg at her er det mykje å ta fatt på, for å rette opp att
skadene etter denne noko bitre striden. For å sitera svigerfar min, etter
den veldige orkanen nyttårsnatta for nokre år sidan, då løa hans sto 30
grader skeiv på grunnmuren og halve taket geipte til oss frå plantefeltet
500 m unna: "Me held vel knapt på varmen om me berre blir sitjande her og
mimre over kva me kunne ha gjort førut og verta triste saman med alle dei
som vil fortelje oss kor trasig dette er. Nei, lat oss setje i gang å berga
det som er att, så får vi bygge eit sterkare reisverk til neste orkan - det
er ikkje slutt med dette."

Avisa Klassekampen har aldri vore noko "sjølvsagt prosjekt" - den har ikkje
kome av seg sjølv. Den er i stor mon eit felles lyft frå mange, også frå
mange av dykk som i denne striden hadde eit anna standpunkt enn oss, som
helsar Jon Michelet velkommen i redaktør stolen. Dei fleste av dykk ser eg
på som oppriktige vener av Klassekampen, som vil at denne avisa også skal
ha eit liv etter denne strida - slike som til dømes Eivind Hovig.

Derfor, kjære vener, er det ikkje særleg framtid i å starte ein opprivande
debatt om korleis den neste striden skal arta seg, før vi har teke vare på
det som er att og starta bygginga av eit nytt reisverk, som er sterkt nok
til å tåle "den neste stormen". Den kjem, ver de trygg - men, berre dersom
der er noko å stridast om! Lat ikkje dei som ynskte seg noko heilt anna, ei
blass og tannlaus avis, få rett i sine dystre spådommar, berre fordi vi
ikkje saman maktar å ta tak!

Det ligg så lite entusiasme i å no starte ein debatt om kva som skal skje
på komande generalforsamling. Misforstå ikkje, sjølvsagt er dette ein
viktig debatt - men treng vi tida frå no og fram til den på å føra ein slik
debatt? Eller er det tenkeleg at vi kan avsette 4 veker til aktiv jobbing
og entusiasme runt det å skaffe avisa Klassekampen nye vener og abonnentar
NO? Er det tenkeleg at vi i avisas spaltar og her på forumet kan få inn
inspirerande rapportar om korleis dette arbeidet skrider fram dei neste 4
vekene?

Eg er langt frå nøgd med at ei konflikt i og rundt avisa har kome så langt
som i dette tilfellet. Likevel, eg er ikkje blind - like mykje som det har
handla om manglande kommunikasjon mellom styre og klubb, styret og
redaktør, har det handla om avisas politiske profil! Å oppsummere og trekke
lærdom av dette blir ikkje minst viktig i tida som kjem. Kva konsekvenser
det må få for medlemmar av styret er det vel noko tidleg å uttale seg om,
det er stundom lurt å skaffe seg nokre fakta kunnskapar før ein tek eit for
bombastisk standpunkt. Kan hende treng ikkje alle gode krefter å samla seg
om denne eine oppgåva, med å skaffe fram fakta - kva om dei fleste av oss
prioriterte andre oppgåver dei neste 4 vekene - VERVA NYE ABONNENTAR TIL
KLASSEKAMPEN? Dette er ei minst like viktig politisk oppgåve NO - kan vi
inspirere kvarandre like godt rundt ei slik oppgåve, som vi har inspirert
kvar andre i denne striden skulle det nok kunne gje synlege resultat.

MHH Olve Steinset