Ny redaktør - nytt styre?

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Tue, 14 Oct 1997 09:21:18 +0100

Styret har tilsett Jon Michelet som redaktør. Kritiske røyster vil ha det
til at dette var eit overgrep,
(eg er usamd, men det er ein annan skål) regissert av eit AKP som ynskjer ei
kommisærstyrt avis.

Utan at eg kjenner til dei indre forholda i AKP, ser det ut til at dette
partiet var svært samla i denne
saka - og dei har fått støtte frå mange som langt frå er underlagt
partidisiplinen i AKP.

Reaksjonen frå fleire kritikarar har vore eit krav om at Rynning Hansen og
styrefleirtalet må gå. Dersom det
er slik at styrefleirtalet har tillit hjå majoritetsaksjonæren OG BREIDE
KRINSAR ELLES - kvar skal legitimiteten
for å setja i gang med prosessar imot styrefleirtalet liggja?

Er det ein rettkome tanke om takk for sist (hemn), er det ein tanke om at
fleire feilgrep gjer at partane er skuls
- eller kva er det? Eg reknar med at det ikkje endrar på landsmøtevedtak i
AKP om KK om partiet skulle finna på at
dei heller vil ha andre i styret. Eg reknar med at det heller ikkje vil
endra andre KK-kritikarar sitt syn på kva
avis dei ynskjer seg. So kva er vitsen?

Å få inn folk som ikkje har "komprommitert" seg - men som likevel vil vera
samd i alle hovudliner som styrefleirtalet
har stått for? Er ikkje det lett meiningslaust???

Eg skyner at dei som no ikkje har fått gjennomslag for si line no er
vonbrotne, kanhenda til og med sinte. Løyser me det
problemet med meir hovudrulling som vil få andre grupper til å verta
vonbrotne og oppgjevne?

Vore det ikkje likare om me no heller kunne nytta Ekeland sin
universalmedisin so langt den kan hjelpa oss: "Diskusjon
kurerer gruff" (sitert fritt etter minnet), d.v.s. visa ei open haldning,
praktisk samarbeidsvilje og ei smidig innstilling
i PRAKSIS i arbeidet med og for avisa? Michelet har signalisert dette svært
tydeleg (NRK 2 Absolutt, seint i går kveld).
Det vore kjekt om den andre sida ogso la seg på ei slik line.

Ein retorikk full av gjensidig mistenkjeleggjering og krav om oppgjer med
ditt og datt og nye hovudrullingar peikar ikkje
framover.

Difor oppmoder eg alle om å droppa eventuelle planar om å reisa
mistillitsframlegg til styremedlemene (oppmodinga gjeld
planar om mistillit same kven dei måtte vera retta imot). Generalforsamlinga
i Klassekampen får eit betre grunnlag for å
prøva å leggja liner for felles lyft i stadenfor framhald av krigføringa
dersom ho kan gjennomførast utan krav om rituelle
"mord".

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41