"Lukket avdeling"

Olve Steinset (olves@online.no)
Fri, 10 Oct 1997 18:41:04 +0100

Berre ein liten digresjon til dette med "lukket avdeling". Fleire av mine
innlegg her på KK-forum har og vorte sendt til papirutgåva av KK utan at
det har lukkast meg å få dei på trykk. Årsakene til det kan sjølvsagt vere
mange, ein flom av lesarinnlegg, dårleg skriftleg framføring av argument,
redaksjonen synest dei er kjedelege og innhaldslause, dei er på sida av
debatten - ja, det kan som sagt ha mange årsaker. Likevel, nokon slepp
lettare til på debattsida i papirutgåva enn andre, eller for å bruke Roald
sin terminologi er den ei mindre "lukket avdeling" for somme enn for andre.
To av desse innlegga har vore svar på ein polemikk Roald Helgheim sjølv tok
initiativet til, det andre av desse innlegga sendte eg til Roar og ba han
hjelpe til å få det på trykk i papirutgåva - kan ei mogeleg årsak vere at
det ikkje var tilrådeleg sidan eg var ein av desse kritikarane frå "lukket
avdeling". Hmmmm kjem eg i hug bruk av psykiatrisk diagnose på
opposisjonelle frå statar Helgheim og andre i redaksjonen i alle fall seier
dei ikkje likar?

MHH Olve