gamal kritikk...

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Thu, 9 Oct 1997 22:26:12 +0000

Her er eit innlegg som kunne starta kulturordskiftet i KK. Det gjorde
det ikkje, fordi redaktøren aldri satte det på trykk, det kom berre
på KK-forum. I staden starta debatten i avisa med Røssaak sin
side2-kommentar som polemiserte mot einaugde fundamentalistar eller
kva det no var, og det FØR "kuturoppropet" i det heile var prenta i
avisa! Ja, ja, vi så jo korleis dét gjekk. Konstruktivt var det
IKKJE.

Eg meiner, som de kanhenda aner, at det ikkje er rettvist å hevda at
det er "AKP" som har stått i vegen for konstruktiv debatt. Det er
heller ikkje rettvist å hevda at KK-forum er ein masse drittslenging
som journalistane berre ikkje KAN svara på, og som dessutan er rota
til 90 prosent av alt ondt, fordi det skaper så grusame
arbeidstilhøve.

Ikkje det at eg ikkje forstår at det må vera JÆVLIG å
jobba i KK for tida (og ei stund allereie) og at KK-forum IKKJE gjer dette eit
gram enklare, tvert imot. Men slik er det no eingong. Og det er det
ikkje KK-forum som har skulda for. Kampen om framtida til avisa ville slått inn
i redaksjonen sin kvardag uansett. KK-forum kunne vore ein møtestad
mellom skyttargravene. Det har det ikkje vorte. Synd - vonleg kan det
gjerast betre i framtida.

Her er altså eit gamalt innlegg:

DAGSAVIS ELLER FAGTIDSSKRIFT FOR KULTUR"ELITEN"?

Eg skal kritisera kultursidene i Klassekampen. Dette er det sers
vanleg å gjera for folk som er aktive på den politiske venstresida i
Noreg, men for sjeldan skjer dette skriftleg. Eg skal gje eitt bidrag.

Det er mange problem med kultursidene, skal ein tru kritikarane på
venstresida. Mykje av stoffet er uinteressant i høve til kampen for
sosial, demokratisk omvelting av samfunnet, det er ofte heilt
"upolitisert", det er skrive av folk heilt utan tilknyting til
revolusjonært arbeid (og ofte teori), og det er jålete - skrive av og
for ein snever krets av "kulturvitarar".

Dette er til saman store spørsmål som krev grundige studie av
kultursidene over lengre tid dersom eit ordskifte skal bli vettugt.
Dette har eg korkje tid eller evner til, så eg skal ta opp berre eitt
punkt, som eg voner det er mogleg å gjera noko med.

Stoffet på kultursidene må vera forståeleg! (På same måte som stoffet
i resten av avisa!) Forståeleg for kven? For dei som les avisa, og for
dei som leiinga av avisa vil skal lesa ho. Dette tyder at fagfolk må
popularisera stoffet sitt, tilpassa språk og synsvinklar til det
mediet artikkelen skal prentast i.

Teksten som fekk meg bort til PCen for å skriva dette innlegget var
"Höldingers vendinger", ein "samtale" mellom Christian Janss og Arne
Melberg, prenta i Magasinet 10.august. Eit sitat, frå intervjuaren
Janss:

-Det ser vi kanskje igjen i Hölderlins berømte gåte fra Rhinhymnen,
Ein Räthsel ist Reinantsprungenes, det som springer ut av en renhet
eller enhet, er et sprang fra noe, en atskillelse eller splittelse.
Men dette er også et rytmisk sprang, for å nærme subjektfilosofien til
metrikken, en innføring av et metrum i tilværelsen. Höderlins poetikk
er nemlig dominert av rytmiske termer som cesur, progress/regress,
tonens veksling etc. (...)

Ord eg må kunna for å hengja med: Emfatisk, den hermenutiske sirkel,
en ikke-descartesiansk aktivitet, ekskatologi. Og dette berre i fyrste
del av "samtalen", andre del kjem på mandag, ser eg.

Eg kan eigentleg ikkje kritisera Christian Janns, skribenten, sjølv om
ordet jålete melder seg når Janss siterer sin samtalepartnar på
"...f.eks "Der Rhein", som du skriver avhandling om,...". Nei, folk
skal få bruka så mange "fine" ord og jåla seg så mykje dei berre vil
for meg, og eg skal ikkje bry meg med å freista skjelna mellom jåleri
og ekte vare. Men dei skal få gjera det i sine eigne fagtidsskrift!

Sjølv om eg har studert musikk, vil eg ikkje skriva til Klassekampen
om kor interessant det er med bassliner bygd på tritonussubstitutt i
jazzen på 40-talet, eller om det karakteristiske ved klangen i
dominant-akkordar med augmentert kvint og none. Klassekampen er ei
dagsavis, ikkje noko fagtidsskrift, difor kan ikkje leiinga for
redaksjonen setja på trykk ting som er typisk fagtidsskrift-stoff.

Truleg vil skribentane ha berre godt av å bli tvunge til å skriva meir
"folkeleg" òg, for ein får jo håpa at dei driv med det dei gjer fordi
dei meiner det er viktig, også for fleire enn dei som høyrer til den
snevre kretsen av teoretikarar.

Dette er eit innlegg det er ganske lett å svara på. Ein kan seia seg
samd eller usamd, evt litt av båe, og argumentera ganske kort. Det
meiner eg kulturredaktøren og redaktøren bør gjera.

Kameratsleg helsing

Magnus Marsdal
--- P t o t h e P ---