frå_Bergen

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Thu, 9 Oct 1997 22:13:37 +0000

DETTE ER EIT REFERAT FRÅ EIT MØTE OM KK I BERGEN I FØRRE VEKE, HENTA
FRÅ RV-BLADET OPPRØR. FOR NOKON ER DET KANHENDA INTERESSANT AT
TORSTEIN DAHLE HER KJEM MED GANSKE KLÅRE MELDINGAR OM SITT SYN PÅ
NOKRE SIDER VED UTVIKLINGA I KK:

Omlag 30 folk samla seg torsdag 2. oktober for å diskutera avisa
Klassekampen på eit møte skipa av Bergen og Hordaland RV og Raud
Ungdom. Ordstyrarane gjorde det klårt at dei ynskte eit konstruktivt
ordskifte om kva avis vi vil ha og kva RV og RU i Hordaland kan gjera
for å styrkja avisa. Folk som ville krangla om kven som har sagt kva
til kven kva tid, kvar og i kva rekkjefylgje, vart bedne om å flytta
over i eit eige, mindre møterom. Ingen slo til på dette tilbodet.

Idar Helle fortelde om røynslene med å driva ein lokal KK-redaksjon i
Bergen, noko som kom igang våren 1996. Denne friviljuge redaksjonen
produserte om lag 25 artiklar den fyrste våren, men sidan då har
arbeidet gått nedover og delvis klappa saman, fortalde Helle. Eitt av
tiltaka han meiner er ein føresetnad for å lukkast betre med slike
tiltak frametter, er at KK-redaksjonen må utvikla strategi og konkrete
planar for korleis ein skal utnytta friviljuge skribentar av denne
typen.
-Vi møtte både ein god del rot og noko direkte uvilje frå
redaksjonen, sa Helle.

Idar Helle lanserte fire redaksjonelle grep han meiner vil styrkja
avisa.
1 Debattavis. KK må utnytta dei politiske spenningane innanfor
venstresida. Avisa må ta klårare standpunkt i fleire saker sjølv og
redaksjonen må ta meir initiativ til å få i gang breie debattar. Det
er ikkje nokon motsetnad mellom at avisa har klåre standpunkt å at
ein får i gang konstruktiv debatt, tvert imot. 2 Riksavis. Ein må
knyta til seg skribentar i dei største byane og med kvart i
distrikta. Ein målsetnad kan t.d. vera ei side kvar dag med lokalt
stoff. -Dette er naudsynt for å få fram det sosiale engasjementet hos
folk lokalt, dette vil styrkja avisa og kunnskapen om det politiske
landskapet i Noreg, sa Idar Helle. 3 Bakgrunnsartiklar. Bruk
ressurspersonar innanfor kvinnekampen, fagrørsla, miljørørsla og
økonomi til å laga informative bakgrunnsartiklar som ingen andre enn
KK leverer. 4 Aktivistavisa. Her meiner Helle at hovudutfordringa når
ein skal styrkja kontakten med aktivistmiljøa er å få til nærleik og
distanse samstundes. -Det er til dømes ikkje heldig om ein
RV-aktivist skriv i KK om aksjonar han eller ho sjølv har organisert,
det trengst kritisk distanse også til aktivistmiljøa.

Møtelyden hadde få innvendingar til linene Idar Helle streka opp,
jamvel om einskilde var langt meir kritiske til ideen om aktivistavis
enn fleirtalet på møtet. Ungdomane snakka varmast for "aktivistavisa
Klassekampen" medan det var folk med grått hår som ytra skepsis til om
friviljug arbeid og aktivisme kan spela ei viktig rolle for avisa. Det
var semje om at aktivismen ikkje kan bera ei slik avis åleine, KK
treng tingarar og pengar. Men det var òg semje om at aktivismen er
naudsynt, i tillegg til konvensjonell avisdrift og marknadsføring,
ettersom det ikkje er mogleg å driva ei revolusjonær dagsavis utan dei
ressursane vi kan henta inn gjenom frivillig innsats utanfor
redaksjonen.

Både tilhøvet til støttespelarane åt KK utom redaksjonen og
tilsetjingspolitikken i KK var emne som fleire kom inn på. Torstein
Dahle seier det slik:
- Det er klårt at lesarane si rolle blir heilt spesiell for KK, som
skal vera ei revolusjonør dagsavis. Lesarane er langt meir enn eit
marknadssegment eller ei målgruppe; det er aktive, skapande menneske
som er heilt sentrale i avisa sitt liv. Forståinga av dette har nok
vore noko frynsete i redaksjonen. Dahle etterlyser ei meir audmjuk
haldning andsynes støttespelarar og aktivistar frå redaksjonen. Han
heldt fram: -Tilsetjingspolitikken er nykkelen. Det er sjølvsagt
ikkje snakk om å tilsetja politiske komissærar, men journalistane må
ha ei grunnleggjande forståing av kva slags sammfunn vi lever i. Dei
må lodda djupare enn journalistar flest i til dømes Dagsavisen. KK
har nok tilsett folk med mangelfull politisk innsikt, ikkje
manglande, men mangelfull. Held ein fram slik vil avisa i lengda gå
til helvete, sa Torstein Dahle.

Dekkjinga av fagrørsla var eit anna populært emne. Dei fleste innlegga
gjekk i retning av at det må prioriterast meir ressursar til å laga ei
god avis for fagorganiserte, om naudsynt på kostnad av
feature-artiklar til laurdags-KK. Avisa fekk skryt for dekkjinga av
Transport-landsmøtet og for å trekkja fram det som skjer ved Slippen i
Sandnessjøen.

Det to og ein halv times møtet vart oppsummert som bra og
konstruktivt. Det finst folk i det radikale studentmiljøet i Bergen
som er viljuge til å gjera ein innsats med å skriva for avisa, det
blir organisert fast sal av KK i sentrum, og det skal bli
dør-til-dør-sal på Møhlenpris der RV fekk stor oppslutnad i valet.

Ingen av redaktørkandidatane vart nemnde med eitt ord.

Magnus E. Marsdal
--- P t o t h e P ---