Avis for AKP?

Jon Hareide Aarbakke (jha@computas.no)
Tue, 7 Oct 1997 09:15:53 +0200

Kjære Olve,
eg trur du har feiltolka Staurset, og at du er meir spydig enn godt er:
han tolka deg som meg - eg trudde du sa at du ikkje dreiv KLASSEKAMPEN
då du sa du ikkje dreiv avis. Trur eg.

Lars' poeng er vel enkelt - ei avis retta mot AKP-medlem har ikkje
livsgrunnlag. Ei avis som liknar for mykje på Dagsavisen/DB har ikkje
rett til å bere namnet Klassekampen, (og vil fort forsvinne?).

Difor talar han Lars om kompromiss.
Ei avis full av retorikk av den typen vi finn i avisa til Internasjonale
Sosialistar ("sjefene", "borgerskapet", osb. ) vil ikkje overleve. KK
slik avisa var i -79 (ca) ville gå under på 0,svisj.

No veit ikkje eg om det er det Jon M vil at KK skal vere, (eg kan ikkje
tru det), men -
eg minnest ikkje å ha sett NOKON seie noko om kva KK skal vere,
post-Bjerke. Skarpare, javel, kva tyder det?

EG skulle ønske at KK hadde ressursar til å byte ut NTB-stoffet med
verkeleg stoff! Det er det mest irriterande med avisa - ein kan jo lese
dei same NTB-meldingane 7 gongar om dagen + høyre dei på radio. Kanhende
treng vi berre ei avis, NTB-avisa her i landet?
Ok, her skiftar eg tema, men sjå berre på NTB-dekninga av Algerie, som
vert trykt opp utan kommentar alle stader. Livsfarleg.

Jon Aarbakke