Avis for folket, etc

Jon Hareide Aarbakke (jha@computas.no)
Mon, 6 Oct 1997 14:52:57 +0200

Eg las og Gunnar Furuhaugs innlegg i KK laurdag.
Eg likte det visst betre enn Olve Steinset.
Poenget er vel enkelt: finst det nok abonnentar til Olves avis?
Gunnar trur ikkje det, og det skulle ikkje undre meg om han har rett.

Sjølv er eg uorganisert og temmeleg agnostisk mht til ganske mykje, med
hjartet til venstre (men pasifist) og eg spør meg no: kvifor les eg KK?
(eg er dataingeniør)

- utanriksdekninga (Algerie, t.d.)
- kommentarane til norsk politikk (Bjerke om Ap, t.d.)
- Schengen, innvandring osb (ting som opptek mange hundre tusen
nordmenn)
- kronikkane er ofte gode
- gode jazzmeldingar
- eg likar å lese om Odda og Liverpool, sjølv om det er fjernt frå
kvardagen min
- ofte gode lesardebattar
- opplysningar om møte, demoar osv.
- kultursidane skjøner eg lite av. Dei er ofte skrivne for eit publikum
som eg kan tenke meg tel omlag 10 personar pr. artikkel. Og har _ganske_
gode akademiske credentials, så kom ikkje her.

saknar:
- fleir analysar av tendensar i samfunnet, (privatisering,
teleteknologi, norsk nærningsliv og utanrikspolitikk saman
- økonomiske analysar, idedebattar (slik som den om The Bell Curve her
på forumet, analysar av sosialøkonomitenkinga i gnore i dag, osv)
- mao, litt tyngre artiklar. Men det krev jo ressursar!

Eg hugsar AKP-KK, med lange debattar om Trotsky og kva det no var alt
saman. Det saknar eg ikkje.

Jon M? Fint namn!

Jon