Kompromiss i redaktørspørsmålet ?

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 2 Oct 1997 17:07:24 +0100

Rune Soma etterlyser kompromiss i redaktørspørsmålet, og meiner at fleire av
søkjarane burde vera "felles og samlende".
Greidt nok: Kven er det du meiner Rune?

So trur eg nok at Rune køyrer litt raskt i svingane når han slår fast at
ingen vil kjøpa aksjar med Michelet som redaktør.
Kanhenda gjeld dette for kultureliten og dei som synst kampen imot AKP er
viktigast på "venstresida" - det er eg open for.
På måloppropet for KK garanterer eg at det står minst 10 nye aksjonærar med
Michelet som redaktør. Sjølv om han er riksmålsmann...
"Moral": Det er vanskelegare å argumentera godt for eller imot at nokon av
redaktørkandidatane inneber garantiar for eller imot
aksjesal enn Runa Soma ser ut til å tru. Valet av redaktør er derimot eit
signal som vil vera avgjerande for kva slags miljø som vil vera interesserte
i å kjøpa. Og då er me nokso nære ordskiftet om kven KK skal retta seg inn
på, redaksjonelle prioriteringar mm.

Eg har altso ikkje sagt at Michelet vil senda etterspurnaden av KK-aksjar
til himmels. Derimot synst eg at påstandar om det motsette
bør verta rekna for det dei er - nemleg PÅSTANDAR. Eg ventar i spaning på
korleis Soma har tenkt å ARGUMENTERA for denne påstanden.
Eller er han kanskje samd med meg etter å ha fått tenkt seg litt om?
?

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41