Politiske fiksjonar - og kva me nyttar dei til - rett versjon

Håkon_Kolmannskog (haakon@mail.feskar.net)
Thu, 2 Oct 1997 14:16:14 +0000

EI AVGJERANDE RETTING I 4. AVSNITTET I INNLEGGET TIL HANS OLAV
BRENDBERG:

ORDA "ANNA ENN" SKULLE INN I 3. SETNINGA I 4. AVSNITTET. MEININGA
VERT OMTRENT MOTSETT!

Politiske fiksjonar - og kva me nyttar dei til

Truleg er fiksjonen "venstresida" naudsynt som lekk i ein kvar
strategi for avisa Klassekampen. Særs mange meiner dei høyrer til på
"venstresida", og synest omgrepet gjev meining til deira politiske og
subkulturelle identitet. Eg er forsovidt sjølv mellom dei som reknar
meg for å høyra til på "venstresida", om so banda etterkvart har vore
særs tunnslitne. Men om redaksjonen i striden om avisa Klassekampen
hadde fått gjennomslag, og styret bøygt av, er eg slett ikkje sikker
på om eg hadde sett "venstresida" som noko fruktbart utgangspunkt for
politisk arbeid og identitetsbyggjing.

Vansken med omgrepet "venstresida" er at den politiske fiksjonen berre
i liten grad samsvarar med politiske realitetar på bakken. Det finst
kje nokor "venstreside" av norsk politikk som t d eg og Roy Jakobsen
har sams. Då finst det to ting å gjera: 1. Anten gjera det motsette av
Mao, og overdriva "motsegjingar i folket" ("me må stå saman mot den
kristne abortmotstandaren Lahnstein"), samstundes som me
løyner/tildekkjer "motsegjingar mellom folket og fienden" ("me må ha
ein open prosess med vyrnad for alle standpunkt i EU-debatten"). 2.
Alternativet var, ut frå Klassekampen si eiga historie og formelle
stilling, å byrja laga eitt sett med spelereglar som nokso uløyselege
motsetnader kan haldast i sjakk av, med garanti for at spelereglane
gjeld i praksis. Det meiner eg er kjernen i AKP sitt "uforståelege"
handlingsmønster. Det som har skjedd no meiner eg er fyrste steg i
dette, aksjeemisjon andre steg. At detta blir møtt med konfrontasjon,
meiner eg - noko skjematisk - har røter i strategi 1.

Klassekampen sin veg frå partiavis til avis for "heile venstresida"
har i stor grad vore ein veg som har vore rudd av den personlege
autoriteten til Sigurd Allern. Særs få av stega undervegs har sprunge
ut frå prosessar i AKP. I hovudsak har AKP kontrasignert etter at
realitetane er skapte på bakken. AKP sitt eigarskap har vore formelt,
men i liten grad reelt. Partiet har i hovudsak hatt ei negativ rolla:
Ein har sagt nei når ein ikkje har hatt tillit til løysingar skapte i
eit røynleg maktrom bak avisa som i liten grad har formelle
posisjonar.

Detta har vore eit "historisk kompromiss" som har fungert - med
innebygde veikskaper. Men i vår havarerte detta historiske
kompromisset. Eg kan ikkje sjå anna enn at konklusjonen på detta laut
vera at AKP gjekk ut or den negative eigarrolla, stengde det uformelle
maktrommet bak avisa og sette kurs vidare med å tilsetja ein redaktør
partiet sine tillitsvalde i styret har tillit til. Denne prosessen
meiner eg ein måtte gjennom. At detta førde til ein maktkamp som
trugar eksistensen til avisa overraskar knapt.

Om ikkje AKP hadde gjort detta, ville alternativet vore at avisa i
neste omgang hadde vore eit tungt bidrag til at "venstresida" hadde
vorte bygt som røynleg politisk ovring på bakken etter oppskrifta i
alternativ 1. Då hadde det, etter mitt ringe politiske skjøn, vore
betre om avusa havarerte. Med det meiner eg ikkje at avisa skal
operera etter same politiske verdsbilete som meg. Ogso i framhaldet
meiner eg avisa bør nytta fiksjonen "venstresida" som ein del av sin
identitet. Men eg vil ikkje utan vidare bidra til at avisa direkte
motarbeider det eg meiner er fornuftige utgangsposisjonar for politisk
arbeid i Noreg. Uansett korleis ein set saman orda "kritisk" og
"venstreside", løyser ein ikkje dei vanskane som er knytne til å nytta
ukritiske middelklassefordommar som kompass.


haakon@feskar.net
Tlf: 22 36 40 43 (a)
92 84 83 60 (mob)
22 36 40 68 (faks)