Re_Den_nye_redaktøren

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 01 Oct 1997 10:17:43 +0100

Hei Roar!
Til din orientering; der er minst ein av kandidatane som har ei like god
programerklæring som Michelet og Helgheim - på støtteoppropet til
redaksjonsklubben fann eg ei jente som heiter Eva Ch. Tønnesen. Utan å vere
for bombastisk reknar eg med at det er Eva Charlotte Tønnesen - det er vel
ikkje nokon dårleg profilering av standpunkt å skrive under eit slikt
opprop heller.

Nei, her nyttar berre ein ting - spytte i nevane og kjempe vidare for
Michelet!!

MHH Olve Steinset

At 08:20 01.10.97 +0100, you wrote:
>No veit me endeleg kven som har søkt. I tillegg til dei mediefaglege
>kvalifikasjonane reknar eg med at alle meiner
>kandidatane sine visjonar om korleis dei tenkjer seg KK i framtida, synet på
>føremålsparagrafen og synet på dei kampane
>som no har vore - er viktige for tilsetjinga.
>
>Her kjenner med Michelet sitt syn, og me kjenner vel ogso Helgheim sitt syn
>frå kampanjejournalistikken den seinare tida.
>Men kva står dei andre for?
>
>Og vidare - synst dei som hittil av ulike grunnar ikkje har gått inn for
>Michelet (t.d. på grunn av at me ikkje kjende alternativa)
>at dei andre kandidatane har eit meir klårt program for KK eller av andre
>grunnar er betre kandidatar?
>
>Med helsing
>Roar Madsen
>Historisk Institutt - NTNU
>7055 DRAGVOLL
>Telefon/phone + 73 59 81 15
>Faks/fax + 73 59 64 41
>
>