Kva er sanning Roald Helgheim?

Olve Steinset (olves@online.no)
Tue, 30 Sep 1997 10:19:51 +0100

Kva er sanning Roald Helgheim?
Du skriv, i ditt innlegg i Klassekampen den 30.09.1997 følgjande: "Det
endelege resultatet av dette namnlause drama står att å sjå, men når eg ser
nye innlegg av typen "stopp kommunisthetsen", slår eg opp ordet i ordboka,
der ordet hets er omsett med "vondkyndt, usakleg agitasjon, retta mot
noko(n); opphissa stemning (mot noko(n)); kampanje mot nokon som har
karakter av forfølging". Eg vil hevde at det meste kritikken mot AKP har
vore skarp (!), men ikkje vondsinna, og kritikk er altså ikkje det same som
hets."

Roald Helgheim, det må vere legitimt å vere sakleg ueinige, ja - ein
menneskerett. Sakleg ueinig er vi når du opplever det samme faktiske
forhold annleis enn meg og eg respekterer deg for det. Usakleg vert det
dersom nokon av oss freistar å fordreie sanninga/det faktiske forhold.
Derfor, Roald, vert det svært uinteressant å slå opp ords eigentlege tyding
så lenge nokon opplever måten/samanhengen dei er brukt på/i som sjikanøse
og vondsinna. Det faktiske forhold er då at orda er brukt, men vi opplever
bruken forskjellig. Dersom du, eg og andre, i denne striden, kan vise så
pass storsinn i høve til kvarandre at vi respekterer dette har vi ein
mogelegheit til å kunne vere sakleg ueinige. Ja, vi kan faktisk risikere å
nå eit anna presisjonsnivå på debatten berre ved å be om orsaking i respekt
for kvarandre sine opplevingar - mine, dine og andres opplevingar er
objektive/faktiske reaksjonar/kjensler på noko som kan vere subjektivt og
irrasjonelt.

Dette handlar ikkje om ein debatt er skarp eller ikkje. Ein skarp debatt
er, etter mi oppfatning, der problemstillingane vert stilt på ein slik måte
at dei vekkjer ettertanke, og gjev rom for ny erkjenning/oppdaging. Ikkje
ein debatt der vi sedimenterer kløfta mellom kvarandre eller grev den
djupare og breiare - eller for å sitere frå den gamle kinesiske meister Sun
Tzu klassiske verk "Strategiens kunst": "Den som triumferer eit hundrede
gonger i eit hundrede kampar, er ikkje den mest kyndige. Den mest kyndige,
bruker strategi til å påverke andre uten å komme til konflikt." - kan hende
er vi mange som kan lære noko av dette.

Heilt til slutt vil eg oppmode deg om å fylgje med og delta på debatten i
KK-forum. Mi oppleving av å vere aktiv her er ikkje å slik du gjev utrykk
for når du skriv:
" ..... kritikken av Klassekampen har vore einsidig, men slett ikkje
vondsinna. Unntaket er ein hard kjerne på det såkalla KK-forumet som av og
til også kjem på trykk i Klassekampen, som har gjort det til ein dagleg
sport å slengje drit mot og gjere livet surt for KKredaksjonen, ein
"kampanje som har karakter av forfølging". som det står i ordboka."

Mi oppleving er at her vert ein skarpt og kontant irettesett dersom ein
"går over streken" - eg har sjølv falle i freistinga ved å gjere det, og
rettmessig fått på pukkelen for det. Ein kritikk eg faktisk sette stor pris
på å få! Dette overtrampet, irettesetjinga og korreksjonen ligg framleis
tilgjengeleg på KK-forum for den som ynskjer å lesa det.

Eg set stor pris på deg som journalist Roald Helgheim.

MHH Olve Steinset