Til dei sjelfulle

Mjølfjell_Ungdomsherberge_AS_Avd_Kontoravd (kontorav@online.no)
Mon, 29 Sep 1997 11:50:03 +0100

Føremålsparagrafen har vore tabu og ikkjeeksisterande for redaktør og
redaksjon i KK. Når Roald Helgheim endeleg pirkar i dette unemnelege i KK
25/9 slepper han endeleg katten ut or sekken. Han hevder "at å oppfylle
avisas revolusjonære formålsparagraf i denne situasjonen har vore å gjera
opprør mot makta og den måten ho har blitt utøvd på av AKP".

Dette forklårar mykje, for denne "tolkinga" av føremålsparagrafen er
diverre ikkje situasjonsbetinga, men har faktisk vore den raude tråden og
den redaksjonelle lina i KK sidan tidleg på 90-talet. KK har gjennom mange
år på mange ulike måtar drive ein systematisk kampanje mot AKP og medlemar
av AKP t.d. Pål Steigar. Den redaksjonelle skitkastinga dei siste 2 vekene
er ikkje noko kvalitativt nytt, men ei langvarig redaksjonell line som no
blømer fritt.

Kva har denne redaksjonelle lina ført til på Voss? Voss AKP hadde i mange
år eit godt og javnt KK-arbeid. Vi hadde stand der vi selde avisa kvar
laurdag, vi deltok i kampanjer og skaffa nye tingarar vi oppsøkte gamle for
å få dei til å fornya abonementet, vi samla inn pengar når kassa var tom og
ny kapital var naudsynt. Kort og godt vi gjorde det som AKParar gjorde alle
andre stader land og strand rundt.

På eit vist tidspunkt tidleg på 90-talet vart dette umogeleg å halda fram
med fordi mange av oss fekk ein stor uvilje mot å selja og marknadsføra eit
produkt som i aukande grad såg det som si fremste oppgåve å "gjere opprør
mot makta" = AKP = oss KK-aktivistar. Vi kunne ikkje selja eit produkt vi
ikkje kunne identifisera oss med og stå for. Slik var det også mange andre
stader landet rundt sjølv om eg veit at einskilde entusiastar beit tenna
saman og med senka blikk framleis selde avisa i von om ein snunad. (Og merk
deg Helgheim: Det var dei forhatte AKParane som dreiv denne formen for
syssel, land og strand rundt, år ut og år inn. Ofte saman med andre
aktivistar, men når AKParane hadde fått nok skit frå avisa dei skulle selja
at dei sa stopp!, så gjekk ikkje den såkalla "venstresida" ut på gata for å
selja avisa "si".)

Vi høyrer at Klassekampen er i krise. Det trengs friske pengar, nye
tingarar og aktivistar som atter ein gong skal berga avisa. Dersom nokon
trur at dette let seg gjera utan at KK påny vert ei avis som dei
revolusjonære aktivistane kan identifisere seg med, eller for å bruka
Helgheim sin terminologi, ha den politiske eigedomen til, vil ikkje dette
lukkast. Eller skal vi overlata til dei store, oppblåste, heliumsfylte
sjelene som i stor grad befolkar redaksjonslokala i KK a la Ovredal, å
kappe alle band som enno bind dei til røyndomen for endeleg å bli fri - og
stige til værs som "den friaste avisa i Norge"?

Kåre Lie, muhas@online.no