debattstil

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Fri, 26 Sep 1997 11:29:09 +0000

Når det gjeld debattstil på KK-forum:

Eg vil oppmoda herrane Vedel Johansen og Steinset til å bli litt
mindre bråkjekke. Meldingar av typen "Ærlig talt - eg veit knapt om
eg gidder svare deg" osb er del av ein debattstil som IKKJE er
konstruktiv, IKKJE inkluderande, og han støyter frå seg folk, og gjev
KK-forum eit rettkome stempel som leikegrind for mannfolk som likar
eit ballespark i ny og ne.

Dette har vi hatt lange debattar om tidlegare, så vi treng ikkje svar
og motsvar no. For meir utførleg om debattstil kan ein til dømes lesa
G Sundet sine innlegg førre gongen dette emnet var oppe.

That concludes my oppmoding.

Mingus

--- P t o t h e P ---