Re: Torstein Dales innlegg i KK

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Wed, 24 Sep 1997 11:43:46 +0000

Anders etterlyser kommentarar til Dahles innlegg. Eg har svart for
ein dag eller to sidan, og eg skreiv dette:

"Eg er 100% samd med ekeland, dahle, og andre som har etterlyst "stor
diskusjon" i staden for administrative maktgrep og konspirativ
maktkamp om KK. Det ville vore betre om AKP kunne skifta redaktør
gjenom ein slik prosess.

MEN:

AKP hadde slett ikkje nokon unik sjanse til dette. Kvar gang AKP opnar
kjeften om innhaldet i KK blir dei møtt med hysteriske påstandar om
"eigarinnblanding" og denslags. Om AKP set spørsmål med store eller
bittesmå ting er svaret "Da får de skaffa dykk ny redaktør, her gjeld
redaktørplakaten..."

Eg skulle gjerne sett Ekeland ved AKP-roret i denne situasjonen, der
krava til finslepen taktikk for å få endra noko som helst er skyhøge,
ikkje minst fordi motspelarane (Allern, Nærstad, Bjerke) heile tida
har rådd over eit kraftfult medium til bruk i striden. Eg trur ikkje
Ekeland ville fiksa det med mindre bråk.

OG: Det ER IKKJE AKP-folka som valte å setja igang striden midt under
valkampinnspurten, det var ikkje dei som truga med aksjonar like før
valdagen! Det er ikkje eigarane som har skapt alt bråket, sjølv om dei
skulle dratt heim til Bjerke personleg for å sikra at han var prata
med før ein snakka med potensielle redaktørar. Tvert imot: Det er
redaksjonen (som forståeleg nok blir fly forbanna etter at dei fyrst
har gått på krigspropagandaen om "menighetsblad" og alt dette, eg
ville og streika mot AKP-diktat i KK, ver sikker), Bjerke og Allern
som i ein pillråtten allianse med venstresidas fiendar har laga
bråket.

Anders ekeland bør tenkja gjenom desse tinga. Det er greit å hevda (og
mykje sant i) at AKP er ein anakronisme. Men AKP er faen ikkje meir
anakronistisk enn den slags forblinda anti-AKP som Ekeland står for"
------------------------------------------------

Unnskyld språket.

Dette er realitetane, sånn ca.

Det blir meir komplisert på den måten, å sjå på realitetane I TILLEGG
TIL ryggmargsfesta (og kanhenda riktige?) oppfatningar av AKP og dets
"Stalinistiske Praksis".

Fatt ein ting: MOTSTANDAREN I DENNE KONFLIKTEN ER EIGENTLEG IKKJE
KLUBBEN!

(Hadde eg jobba i KK, og trudd AKP ville fjerna redaktørplakaten
ville eg vore med og streika, som sagt.)

Ettersom gapet mellom AKPs formelle makt (eigarskap) og reele makt
(organisatorisk styrke og politisk oppslutnad) vart vidare og vidare
gjenom 80-talet, samstundes som avisa heldt seg oppe, opna det seg
eit "maktrom" attom avisa. Dette vart fylt av Sigurd Allern, vil eg
tru. Utan den mannen hadde vi truleg ikje hatt noko KK å diskutera.
Heia Allern!

Men i dag er det nett dette maktrommet som er problemet. Gapet mellom
formell og reell makt har blitt så stort at AKP vil selgja seg ned,
til beste for alle partar. Men FYRST må dette maktrommet tømmast og
lukkast! For dei som sit der i dag, vil ha ein heilt annan kurs enn
AKP (og veeldig mange andre) vil. Krisa vi no ser er fyrst og framst
framprovosert frå dette maktrommet, det er mitt inntrykk (og eg kan
jo ta feil).

Til Anders Ekeland: TRUR DU AT AKP-LEIINGAS RØYNLEGE MOTSTANDARAR I
DENNE SAKA ER NOKO ANNA ENN DURKDREVNE KRIGARAR SOM KJEMPAR OM MAKTA
MED DEI MIDLA SOM FINST TILGJENGELEGE? (Ikkje at eg moraliserer over
dette, sjølv om eg står mest på same side som AKP i denne saka.)

NEI, DET TRUR DU IKKJE.

Eg trur Ekeland og alle oss andre skal vera jævlig glade for at AKP
tek kampen og tek støyten. Elles ville KK som revolusjonær avis snart
vore eit avslutta kapittel, trur eg.

Dette er ei strid som samlar mange. Målfolk, AKP-firkantar,
anti-AKParar, folk som ikkje har stått saman i ei hard strid sidan
EU-kampen.

Ekeland skjønnar ikkje kva som skjer. Han berre masar om samarbeid
med SV. Det er synd. Men han er jo ein motpol i debatten, og det er
jo bra.

Mingus

>
>
--- P t o t h e P ---