Kva slags avis skal Klassekampen vere?

Olve Steinset (olves@online.no)
Tue, 23 Sep 1997 23:41:16 +0200

Debatten, eller "krigen" om ein vil, om Klassekampen og kva slags avis den
skal vere, har etterkvart teke mange underlege retningar. Polane i denne
striden synes for meg å vere følgjande:

Ein "allianse" som vil verne om den formålsparagraf avisa i dag har, og som
krev at dette også reflekterast attende i det redaksjonelle stoffet i
avisa, og at det er innanfor denne rammene redaktørplakaten gjeld. Det er
vel det som er formålet med ein formålsparagraf vil eg tru. I denne gruppa
plasserer eg meg sjølv.

Kan hende er det noko freidig av meg å freiste sameine standpunkta til den
andre sida, men eg gjer likevel eit forsøk. Om eg skulle mislukkast vonar
eg at nokon, av dei som tilhøyrer denne "alliansen", kjem med naudsynte
korreksjonar. Denne sida vil, slik eg oppfattar det, ha ei avis fri frå
dagens formålsparagraf. Ei kommersiell avis, som ikkje er tufta på
innsatsen frå mange aktivistar rundt om i landet, men som kan drivast ut
frå reine forretningsmessige omsyn til kva som seljer. Eg oppfattar det
likevel slik at dei ynskjer ei "radikal" vinkling av det redaksjonelle
stoffet.

Opp i denne suppa av propagandistisk "krigføring" florerer konspirasjonen,
som berre dekker til det ein er samde om. Behovet for kapitaltilførsel til
avisa, endring av eigarstruktur og at avisa skal drivast etter
redaktørplakaten.

Sjølvsagt må ein få lov til å sloss for at Klassekampen skal vere ei avis
annleis enn kva eg med fleire ynskjer/vil at den skal vere. Den retten vil
eg sloss for at alle skal ha, eg trur det er ein sunn debatt, ikkje minst
for Klassekampen. Det eg derimot vil sloss imot er alle dei forsøk som er
på å forsøple debatten ,som kjem frå ymse hald. Innhaldet i denne
forsøplinga er påstandar, som ikkje er anna enn vondsinna løgner,
fornekting av faktiske tilhøve og tilsløring av formelle juridiske rettar.
Desse frasane startar gjerne med "AKP kupp i KK ....", "AKP's maktarroganse
...." eller " ... stalinistiske AKP metodar .....", løgnene blir liksom
meir truverdige om ein kan krydre den med forkortinga AKP. Denne typen
argumentasjon er ikkje berre reaksjonær og løgnaktig, den er politisk
livsfarleg. I si form fungerer den på samme måte som den propaganda som
blir brukt til å viske ut menneske, ein agitasjons teknikk brukt av dei
mest mørkebrune elementa i vårt samfunn. "... jævla Jøde", ".... helvetes
Pakkis", ".... forbanna Svarting" - likskapen i form er vel ikkje til å
fornekte. Eg vil hevde at alle er tent med å heve seg over ei slik debatt
form.

Sjølvsagt må SV og andre få lov til å agitere politisk mot at vi i Noreg
skal ha eigedomsformer som aksjeselskap, men at dei vel eit standpunkt som
kan tyde på at dei meiner dette berre skal vere forbode for einskilde
politiske grupperinger (les AKP) er utanfor min fatteevne. Kan hende det
ikkje ville vere så dumt å få Kristin Halvorsen til å klargjere sitt og SV
sitt syn på dette. Er det slik at SV meiner at kven som helst, når som
helst kan hevde eigedomsretten til Ny Tid, eller er det utenkjeleg på grunn
av andre eigedomsformer?

Nokon har i denne debatten freista å hevde at det vert rota saman ein
formal debatt (eg reknar då med at dei meinar AKP sine rettar etter
aksjelov etc.) og ein politisk debatt om kva slags avis Klassekampen skal
vere. Dette er ein retorikk eg er usamd i. Eg er ikkje i stand til å
sjå/oppfatte anna enn at bakom denne retorikken skular det seg politisk
usemje - ei politisk usemje om styringsretten i bedrifta Klassekampen.

Til slutt ein liten merknad til Sigurd Allerns utfall mot Jon Michelet. Om
det er slik at det, frå Allerns tid som redaktør i Klassekampen, var eit
teikn på å vere udugeleg som leiar om du innrømde sider du ikkje var god på
- ja, så pris dykk lykkelege for at den tid er forbi! Det opnar i alle høve
for eit meir demokratisk styresett om ein har leiarar som er viljuge til å
stå opent fram med meir enn sine sterke sider. Eg kjenner ikkje Jon
Michelet personleg, han veit nok knapt kven eg er, men det at han sa at han
og er ein rotekopp på einskilde områder borgar for tillit.

Eg ser fram mot ein fruktbar og meiningsfylt debatt om kva slags avis
venstresida i Noreg treng, fri for hatske utspel mot eigarane av avisa
Klassekampen.

Olve Steinset