Redaktørplakaten

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Tue, 23 Sep 1997 10:43:56 +0200

Eg er ingen mediemann, og eg vedgår meir enn gjerne at eg ikkje er
medieforskar eller ekspert
på makttilhøve i norske media. Eg har registrert at den sokalla
redaktørplakaten er sentral i retorikken
kring striden i KK (særleg frå redaksjonsklubben si side).

I dag har eg for fyrste gongen lese redaktørplakaten (nokon er mindre
orienterte enn andre - men betre
seint enn aldri).

Gjennomlesinga sjokkerte meg - les sjølv...

Redaktørplakaten
En redaktør skal alltid ha pressens ideelle mål for
øye. Redaktøren skal ivareta ytringsfriheten og
etter beste evne arbeide for det som etter
hans/hennes mening tjener samfunnet.

Gjennom sin avis skal redaktøren fremme en
saklig og fri informasjons- og opinionsformidling.
Redaktøren skal etterstrebe en journalistikk som
gjør det klart for leseren hva som er reportasje og
formidling av informasjoner og fakta, og hva som er
avisens egne meninger og vurderinger.

En redaktør forutsettes å dele sitt blads grunnsyn
og formålsbestemmelser. Men innenfor denne
rammen skal redaktøren ha en fri og uavhengig
ledelse av redaksjonen og full frihet til å forme
avisens meninger, selv om de i enkelte spørsmål
ikke deles av utgiveren eller styret. Kommer
redaktøren i uløselig konflikt med avisens
grunnsyn, plikter han/hun å trekke seg tilbake fra
sin stilling. Redaktøren må aldri la seg påvirke til å
hevde meninger som ikke er i samsvar med egen
overbevisning.

Den ansvarshavende redaktør har det personlige og
fulle ansvar for avisens innhold. Redaktøren leder
og har ansvaret for sine medarbeideres virksomhet,
og er bindeleddet mellom utgiveren/styret og de
redaksjonelle medarbeiderne. Redaktøren kan
delegere myndighet i samsvar med sine fullmakter.
Avisen kan utpeke flere redaktører, også redaktør
for annonsestoffet.

Denne erklæring er blitt til i samarbeid mellom
Norske Avisers Landsforbund og Norsk
Redaktørforening, vedtatt av begge organisasjoner
22. oktober 1953, revidert i 1973.

Og tenk deretter gjennom korleis realitetane i KK er i høve til dette. Eg
ser ikkje burt
frå at styret/eigarane/AKP har gjort overtramp på nokre punkt her.
Eg kjenner ikkje saka godt nok til å vita om det konkret. Det klåre
inntrykket mitt
er likevel at den største feilen AKP har gjort her er ei unnlatingssynd. Det
burde
ha vore gjeve formelle signal til redaktøren om at eigarane meinte avisa var
i drift
på veg burt frå føremålsparagrafen, og at dette måtte snuast anten av den
sitjande
redaktøren eller av ein ny - FOR LANG TID SIDAN.

Sjølv om dei (AKP) ikkje er profesjonelle medieeigarar kan det naturlegvis
ikkje burtfor-
klårast at slike (og kanskje andre) syndar har vorte gjort. Dette har dei
teke konsekvensen
av ved å gjeva klåre signal om at dei vil selja seg ned. Etter mi meining er
det både
rakrygga og ærleg nok at dei ikkje vil selja seg ned føre dei ser at avisa
vert drive i
rimeleg samsvar med føremålsparagrafen. Nokon kan sjølvsagt meina at det vil
vera ein
føremun om AKP slutta å kalla seg eit revolusjonært parti, men me må då vel
alle vera sopass
oppegåande at me ser at det er ein annan diskusjon???

Nokon i denne striden er både svært opptekne av redaktørplakaten og dessutan
profesjonelle
mediefolk - redaksjonen og redaktøren. Etter det som no har kome fram synest
det tydeleg for meg
at redaktøren har brote med delar av innhaldet i dei fleste avsnitta i
redaktørplakaten.

Difor finn eg det ikkje berre urimeleg at nokon snakkar om overgrep når
redaktøren vart sparka
(står det ikkje ein stad her at han pliktar å gå på visse vilkår). Det
verkar beint fram mistenkjeleg.
No veit eg jo at slike formuleringar lett kan kvalifisera meg for diagnosen
paranoid (jfr. andre friske
innspel i ordskiftet). For min del har eg ingenting imot å vera i allianse
med Hylland Eriksen, SV,
Roy Jacobsen, sentrale ja-"radikalarar" og den ypperste kultureliten -
dersom det berre var slik at denne
prinsipp-faste, rakrygga massen av tilhengjarar av ei revolusjonær
sosialistisk dagsavis faktisk hadde rett
i det dei seier i oppropsteksta si

"Vi som tilslutter oss dette oppropet støtter redaksjons og grafiskklubben i
Klassekampen i kampen for den
redaksjonelle friheten. Vi ønsker at Klassekampen fortsatt skal være en
dagsavis for hele venstresida, og
også i praksis redigeres etter redaktørplakaten. Vi går i mot AKPs forsøk på
å sette inn sin egen
redaktørkandidat."

Dersom dette galdt redaksjonell fridom og redaktørplakaten so hadde eg vore
med på dette oppropet (sjølv om
eg ikkje er kjendis). Eg hadde ogso vore med på oppropet dersom det hadde
vore snakk om å gjera KK til
papegøye for Gulbrandsen, Øgrim & dei andre - eller for Sira Myhre - for å
ikkje snakka om kor mykje eg hadde
vore med dersom det skulle gjerast til eit talekor for Gulbrandsen, Sira
Myhre og Halvorsen. Tanken gjer meg stiv
av skrekk (førehandslagring av Valium kan verta aktuelt).

Eg oppfattar dette med redaktørplakaten som ei avsporing av ordskiftet - og
oppmoder tilhengjarane av redaksjons
klubben til å leggja den ballen daud. Dersom dei ikkje er viljuge til å
gjera det, burde dei absolutt utfordrast
til ein gjennomgang av denne redaktørplakaten punkt for punkt slik at me kan
få klårlagt og synleggjort kor
dei ålvorlege brota på desse prinsippa ligg og kven som i tilfelle er syndarane.

Personleg har eg ein mistanke om at saka ikkje er vanskelegare enn at me har
hatt ein redaksjon som har ynskt å
styra avisa for å gjera ho til eit organ for kulturradikalismen. Det er ogso
eit politisk prosjekt - men det er
eit ANNA politisk prosjekt enn føremålsparagrafen legg opp til. Sidan eg
ikkje reknar meg for å vera gudeleg, kan
det sjølvsagt henda at eg tek i miss, men både uimotsagte fakta frå ein
breid front av kritikarar, tilsettingspraksis,
retorikken frå Allern, Bjerke og redaksjonsklubben, handlemåten til
redaksjonsklubben og den sterke mobiliseringa av
mange motkrefter i sentrale politiske saker (EU, distriktspolitikk +++) gjer
at mistanken min veks. Eg veit at
tilhengjarane av redaksjonsklubben ogso femner om mange trufaste slitarar og
gode politiske allierte. Dei vil eg
slett ikkje hengja ut, men eg må vedgå at det forbausar meg at dei har gått
inn i ein slik allianse i ei so dårleg sak.

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41