KK-striden og dei psykiatriske diagnosane

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Mon, 22 Sep 1997 16:56:41 +0200

For min del forstår eg ikkje ordskiftet mellom Hasås og Tranøy. Eg kjenner
ikkje saka (og meiner vel dessutan at ho høyrer til dei meir
underordna sidene i KK-striden) og greider ikkje ta standpunkt på grunnlag
av det som har vorte presentert.

Psykiatrisk diagnostisering av motdebattantar greider eg derimot å ta
stilling til - det er eg faktisk imot. Eg kjenner ikkje Hasås og den mentale
helsa hans, men eg synst jo det er rimeleg sterkt at innlegget hans får
diagnosen paranoid. Likeeins syns eg det er i overkant frekt å tilleggja
Hasås det synet at han drit i kva folka i redaksjonen synst. Kva er
grunnlaget for denne påstanden??? Har det vorte slik no då at det ikkje går
an å vera usamd med redaksjonen og redaksjonelle prioriteringar utan å få
det på seg at ein drit i kva folk i redaksjonen synst???

Eg oppmoder alle som sluttar opp om styret til å la redaksjonsklubben og
deira støttespelarar ha monopol på diagnostisering og grov æresskjelling
(nyttig idiot o.l. som ogso har vore brukt i KK-ordskiftet). Dette
understrekar berre kven som har det største problemet når det gjeld
demokrati og menneskesyn, og det er ein illustrasjon av dei haldningane
mange lesarar og kritikarar har vorte møtt med gjennom lang
tid.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41