Stxtte til Jon M

Mads LØxkeland (madslo@nidaros.trondernett.no)
Mon, 22 Sep 1997 09:14:50 +0200

Støtte til Jon M. som redaktør

Redaksjonsklubben bør besinne seg og hugse på ein ting:
Redaksjonen er berre ein del av avisa. Avisprosjektet Klassekampen er
eit felles løft for den politisk aktive venstresida. Utan det aktivte
politiske miljøet i ryggen kan ikkje avisa overleva som ei sosialistisk
avis med politisk brodd. God kontakt med fagrørsla og dei politiske
aktivistane er viktig for å:

* å få stoff og opplysningar om dagsaktuelle saker og politiske
diskusjonar
* å få nødvendig kritikk og korreksjonar
* å få solgt avisa

Gjennom avisas utvikling dei siste åra er denne kontakten i ferd med å
bli brote. Trass i at det fortsatt er mange gode einskilde artiklar,
framstår Klassekampen i alt for mange saker som likegyldig og
uinteressant.
Dette har gjort det stadig vanskeligare å mobilisere til å selje avisa
på gata og til å senda inn stoff. No treng vi ein fornya kontakt med den
politiske grasrota og ein kampanje for å få avisa ut på gata. Denne
jobben kan sjølvsagt ikkje redaksjonen gjere aleine, her trengst ein
kampanje, ikkje minst i RV, men vilkåret er ein redaksjon som ser dette
som ei viktig oppgåve.

Paul Bjerke har ikkje vist vilje til å lytte til den sterke kritikken
som har kommet, og må finne seg i å vike plassen for ein ny redaktør.
Som mangeårig lesar, avisseljar og som kommandittist ønskjer eg Jon
Michelet velkomen som ny redaktør. I samarbeid med redaksjonen og det
politiske aktivistmiljøet trur eg han kan få gjort den jobben som
trengst for å gjenreise det landsfemnande arbeidet rundt avisa.

Mads Løkeland, Orkdal