Re: Tipsnettverk for Klassekampen

erik ness (eness@online.no)
Sun, 21 Sep 1997 18:02:01 +0200

Hei,

Bare en melding om at jeg syntes dette var et strålende forslag. Det ville
være en nyttig ressurs for Klassekampen, og jeg som holder på med Røde
Fane, kunne også få tips her.

Ellers har det vært hyggelig å lese de gode debattinnlegga dine i den
seinere tida.

hilsen erik

----------
> From: Roar Madsen <roar.madsen@hf.ntnu.no>
> To: klassekampen-forum@aksess.no
> Subject: Tipsnettverk for Klassekampen
> Date: 21. september 1997 15:39
>
> Klassekampen-forum er eit knutepunkt for mange gode vener av
Klassekampen. I
> tida som kjem er det mange som har uttrykt
> vilje til å vera med på eit lyft for avisa. Her er ein liten ide.
>
> Kva om nokon med datakunnskapar kunne leggja ut eit tipsskjema på KK sine
> nettsider. På dette skjemaet kunne folk leggja inn namn på personar dei
> meiner har verdfull kunnskap for avisa (om eit saksområde, eit felt eller
ei
> aktuell sak), nokre ord om kven denne personen er og korleis KK kan få
tak i
> han/henne. Mange på KK-forum kan sjølv vera slike personar som KK
> redaksjonen kan ringja til for å intervjua, henta inn kommentarar, tinga
> kronikk - eller kanskje verta tipsa vidare til andre folk med betre
> oversyn/innsikt/kunnskap.
>
> Eg reknar med at det let seg gjera at desse oppføringane kan gå rett inn
i
> ein database på KK - som dei kan bruka til å søkja
> på til dømes fiskeripolitikk og få opp namna til personane a, b og c med
> telefonar og e-postadresser og gjerne litt utfyllande opp
> lysningar om kva desse kan. Dette treng slett ikkje berre vera ein
database
> med fagekspertar av typen professorar eller andre forskarar
> på ulike område - det er minst like viktig at fagforeiningsaktivistar,
> studentaksjonistar og snikkarar med mykje kunnskap om fascismen i Europa
> eller fagforeiningsknusing i USA (for å nemna eit par tilfellelege døme)
> vert registrerte.
>
> Eit slik opplegg fordrar naturlegvis ein redaksjon som bryr seg om
innspel
> frå lesarane (og med det meiner eg slett ikkje å krevja at alle
> tips eller innspel vert fylgd opp) - med andre ord trengst det ein liten
> kulturrevolusjon (neidå - ikkje etter kinesisk skjema).
>
> Sidan det ser ut til å vera ein naudsynleg fyresetnad for å verta teke på
> ålvor, presiserer eg at eg ikkje går inn for at berre dei politisk
> rett-truande (kven no det måtte vera) skal meldast inn som mogelege
personar
> KK kan ta kontakt med.
>
> Poenget her er ganske enkelt: Dersom Klassekampen skulle ha ynskje om å

> kommentarar til aktuelle hendingar eller laga ein artikkel, eit
> reportasjeopplegg - eller tinga ein kronikk om skogbruksarbeidarane i
Noreg
> eller om minoritetsfolk på nordkalotten so veit eg tilfeldigvis
> om eit par namn det ville vera lurt for KK å snakka med. Men eg er jo
ikkje
> sikker på om KK kjenner til desse.
>
> Kva meiner KK-forum om dette?
>
> Elles meiner eg jo KK kunne ha mykje å vinna på å prenta norskomsette
> interessante artiklar frå andre aviser, blad eller tidsskrift.
> I den eletroniske postrøyndomen idag er det jo lett som ein draum reint
> teknisk - so kva med å laga ei liste over folk som kan spyrjast om slikt.
Eg
> har alt meldt meg, og eg er viss på at fleire vil gjera det.
>
> Med helsing
> Roar Madsen
>
> Roar Madsen
> Historisk Institutt - NTNU
> 7055 DRAGVOLL
> Telefon/phone + 73 59 81 15
> Faks/fax + 73 59 64 41