Uopplyst treng informasjon

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Fri, 19 Sep 1997 12:42:32 +0200

I tidlegare innlegg her på KK-forum har andre sannsynleggjort at det er
KK-redaksjonen som har vore på kant med
redaktørplakaten. Eg stør denne vurderinga, og ber tilhengjarane av den
gamle redaksjonen kommentera dette.
Eg trur ikkje eg er den einaste KK-lesaren som er leid at
bokstavkombinasjonen A-K-P vert definert som ein garantist
for brot på redaktørplakaten, for ei sekterisk partiavis og elles alt anna
gale. Eg held det ope at eg kan vera dårleg
informert eller ha eit so innsnevra gangsyn at eg ikkje endå har oppfatta at
AKP ynskjer å likvidera den dagsavisa
dei har vore leidande i å byggja opp.

Spørsmålet mitt til tilhengjarane av det gamle KK-regimet er difor: Kva er
grunnlaget dykkar for å ikkje tru på opne forsikringar
om å fundera drifta på redaktørplakaten, om at det ikkje skal vera eit
internt partiblad og om at AKP vil selja seg ned.
Og vidare kva er grunnlaget for at all støtte til styret vert definert som
kaninverksemd for AKP?

Veit de noko som eg ikkje har fått med meg - i so fall vil eg gjerne vera
med i laget av dei godt informerte. Gode poeng vil
verta mottekne med takk - og kanhenda med lineskifte dersom dei er
tungtvegande nok. Inntil det skjer sit eg att med ei
ekkel kjensle av at redaksjonsklubben & redaktøren surfar på god gamaldags
antiradikalisme (AKP-skrømtet) og brukar både avisa
og journalistvenene sine i Akersgata (og andre stader) til hjelp. Det luktar
ikkje godt, og DETTE ER TIL STOR SKADE FOR KK.

I går kveld vart eg kontakta av vener som har arbeidd som som arbeider på
alle nivå innanfor målrørsla og som har eller har hatt
eit forhold til avisa KK. Dei har laga eit opprop som kritiserer den gamle
redaksjonelle lina og som gjev støtte til styret.
Oppropet endar dessutan med eit signal om at underskrivarane vil engasjera
seg for KK i tida som kjem. Eg skreiv under med godt samvit. Oppropet vert
rykka inn som lysing i KK dersom då ikkje den sitjande redaksjonen vil halda
fram sin overlegent demokratiske sensurpraksis ogso mot betalte politiske
ytringar.

PS: I Allerns redaktørtid vart eg spurd om å omsetja engelskspråklege
artiklar til norsk. Det sa eg meg viljug til, men dette vart
seinare ikkje fylgt opp endå eg etterlyste "oppdrag". No melder eg meg til
teneste for liknande oppdrag for den nye redaksjonen.
Og berre so det er sagt - eg gjer det sjølvsagt gratis.

Med helsing

Roar Madsen

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41