Redaktørskiftet i KK

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 18 Sep 1997 11:50:29 +0200

Det ser no ut til å vera klårt at Jon Michelet vert ny KK-redaktør. Eg finn
det rimeleg at eigarane (her meiner eg
ikkje berre AKP) før eller seinare måtte setja ned foten. Det skjedde rett
nok på ein måte som verkar litt klønute,
men det er vel sannsynlegvis eit uttrykk for at dei venta for lenge med å
gjera noko og at ein difor kom inn i ein prosess
der handlingsromet for eigarane og handlingsromet åt redaktøren på kvar si
sida vart mindre og mindre. Til slutt var
eit kompromiss ikkje lenger mogeleg.

Lars Staurset har eit innlegg her på KK-forum der han slår meg i hardtkorn
med Trond Andresen/Finn Arne Rolijordet og hevdar
at eg har gått i skyttargravene. Han om den vurderinga, men eg har no
påviseleg argumentert for at det beste hadde vore å koma
til ei ordning med redaksjonen der dei justerte kursen og at redaktøren var
med på ferda vidare. Eg kan ikkje forstå at det
ligg særleg langt unna det Staurset sjølv har gjeve uttrykk for.

Då eg forstod at viljen til kursjustering ikkje var til stades og skyna
teikninga bak den manipulative bruken av AKP-skrømtet, tok
eg stilling for eit redaktørskifte. Dette gjorde eg sjølv om eg ser fleire
ting ved styret si handsaming av saka som eg meiner
burde vore meir profesjonelt.

Det er ikkje rett at eg har sagt opp tinginga mi. Derimot har eg VURDERT Å
GJERA DET i lang tid, men det er då noko anna ettersom
konklusjonen på vurderingane heile tida har vore å halda fram. Tvert om vil
eg oppmoda Rolijordet og andre som har sagt opp
tinginga si til å tinga på nytt.

Elles er eg 100% samd i at det no gjeld å fokusera på kva me kan gjera for å
styrkja Klassekampen. Det er no mange år sidan eg
personleg gjorde noko for Klassekampen. Dersom ei lenge tiltenkt
kursjustering no skjer, aukar lysta mi til å gjera ein innsats for
KK att. Dette skriv eg sjølv om eg har ein viss skepsis til Michelet både
som redaktør og RV-politikar (men ikkje som forfattar!!)
Eg meiner at ordskifte om korleis ein kan styrkja KK no er viktig - og
dessutan er det noko heilt anna enn å liggja i skyttar-
graver. Kritikarar av den redaksjonelle lina i KK er neppe usamde i dette.
For meg er det derimot eit meir ope spørsmål om tilhengjarane
av den redaksjonelle lina oppfattar at det kan vera lurare å gå i dialog om
kursen vidare for KK enn å halda fram med røvarhistorier
(for å låna eit ord frå Hagen) om AKP-kupp som både tildekkjer at kritikken
av den redaksjonelle lina har vore langt breidare og dessutan
set framtida til avisa i fåre. Eg vonar endeleg at mine stygge mistankar om
eit negativt svar på dette spørsmålet er eit utslag av at eg
har mistolka eller mistydd redaksjonsklubben og redaktør Bjerke.

Med helsing

Roar Madsen

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41