Vi_har_tapt_valet=2C_skal_vi_også_tape_Klasse

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 17 Sep 1997 16:04:19 +0200

Nei-sida og venstresida har tapt stortingsvalet, og marknadsliberalistane
i Ap+H+Frp har fri bane (sjølv om det kanskje blir eit kort mellomspel
med Bondevik). Det einaste som no kan halde Noreg utanfor EU, er at den
utanomparlamentariske motstanden blir bygd opp att. Det blir ikkje lett.

Endå tyngre blir det dersom vi misser Klassekampen, som på sitt beste er
ei kraft og ei informasjonskjelde å rekne med. Så vidt eg kan forstå
(utan innside-informasjon), er avisa no i overhengande fare, ettersom
usemja om redaksjonell kurs utviklar seg til full krig.

Den eine parten (m.a. Finn Olav Rolijordet, Trond Andresen og Roar
Madsen) skriv no her på forumet at dei har mistillit til redaktøren,
og/eller vil ikkje abonnere lenger. Styret sit i lange møte utan å greie
å bestemme seg. Frå den andre parten (redaksjonen) høyrer vi svært lite
offentleg om kva slags program dei meiner å arbeide etter, og dei svarar
i liten grad på konkret kritikk.

Dersom striden endar med at redaktøren går, vil det bli framstilt som eit
AKP-kupp i resten av massemedia. Kanskje er det ikkje sant, men det er
den versjonen som vil få gjennomslag - vi kjenner vel borgarpressa? Det
blir svært vanskeleg å skaffe ny redaktør, for ikkje å snakke om nye
abonnentar. Å kaste redaktøren no er derfor å ta livet av avisa. Å
uttrykke mistillit til redaktøren er å be om ein slik utgang.

Dette veit sjølvsagt redaktøren, og han bruker det vel for det det er
verd. Men han og redaksjonen bør også innsjå at kritikken har noko for
seg. KK treng ikkje berre redaktørplakaten, men også engasjerte og
entusiastiske lesarar og vervarar, på ein heilt annan måte enn VG og
Dagbladet. I lengda kan ikkje KK overleve utan.

Skal avisa bergast, må begge partar komme ut av skyttargravene og snakke
saman. Det er tydeleg bruk for ein diskusjon om stoffval, formål og
prioritering. Utgangspunktet må vere at avisa i seg sjølv har ein enorm
verdi som reiskap for nei-sida og venstresida.

La det ikkje bli sagt i ettertid at venstresida kjørte avisprosjektet
sitt i grava med intern krangel!!!!

Lars Staurset

P.S. Dersom denne meldinga kjem to gonger, er det p.g.a. tekniske
problem. Liste-adm. kan gjerne slette den eine.