Re:_Støtt_redaksjonen...

marsdal@mail.feskar.net
Wed, 10 Sep 1997 15:42:47 +0000

Det er kamp om avisa Klassekampen ser det ut til. Det finst eit rykte
om at Akp vil byta ut redaktør Paul Bjerke. Sigurd Allern åtvara mot
AKP-innblanding, som vil føra til avisas død, på Dagsnytt 18 tysdag.
Redaksjonsklubben er opprørt og krev avklåring. Håvard Houen har bede
oss stø redaksjonen, mot AKP.

Houen teiknar i sitt innlegg eit bilete der skillelina går mellom AKP
og og resten av KK sine venar og lesarar. Dersom AKP ynskjer endringar
må dette oppfattast som at snevre partiinteresser blir sett framfor
"interessene til avisa" og resten av venstresida, slik eg oppfattar
Houen. Det same klårer NTB å antyda, då dei skriv at problemet til
Bjerke og Nærstad er at de har "ført en for liberal redaksjonell
linje". Liberal? I motsetnad til strengt kommunistisk og partitru då,
skulle eg tru?

Eg er ikkje sikker på at dette biletet er sant.

Dersom KK blir noko som helst i retning av parti-organ for AKP er
avisa daud. Dette er truleg alle samde om, med eit atterhald for dei
mest optimistiske delane av det som er att av "Partiet".

Difor må alle ikkje-AKParar (og vettuge AKParar!) vera
på vakt dersom AKP brukar eigarmakt i høve til kven som skal vera
redaktør. Det manglar ikje på historiske døme på kommunistparti som
opptrer sekterisk, for å seia det slik....

Men tyder dette at vi ALLTID skal hyla opp om Ondsinna Kommunistkupp
når AKP gjer noko i høve til Klassekampen? Sjølvsagt ikkje, det vil
vera lite anna enn å falla inn i den ålmenne borgarlege konsensusen
som er unyansert anti-AKP i eitkvart spørsmål og til eikvar tid. (Det
er denslags konsensus som i alle høve hjå meg tidvis kan skapa ein del
SYMPATI for dette AKP.)

Så ka gjer vi då? Jo, vi går inn i kvar konkret situasjon, og finn ut
om vi er samde med AKP eller ikkje. Men det som foregår no, er etter
det eg forstår bygd på rykter om at AKP ynskjer å byta redaktør.
Dermed er det ikkje så lett å analysera rett og galt, sidan vi ikkje
veit kva som skjer, og enno mindre kva grunngjevingar som finst.

Men det vi KAN gjera, som Houen på ingen måte gjer, er å sjå på kva
kritikk som har vore retta mot avisa det siste året, kva usemjer som
har eksistert, ta stilling til desse og til kva AKP evt. har meint.
Slik kan vi sjå på INNHALDET i konflikten om framtida for KK, og ta
stilling.

Eg meiner den kritikken som har vore fremja i svært liten grad kan
seiast å vera AKP-sekterisk eller noko slikt. Dessutan har det stort
sett vore folk *utanfor* AKP som har kritisert KK, truleg fordi AKP
ikkje tør åpna kjeften for mykje, ettersom "Ondt
Kommunistkupp"-hylekoret alltid står klår til å dra eit vers eller to.

Eg vil gje nokr døme på den kritikken som har vore sett fram:

Kultursidene var jålete og hadde lite i ei dagsavis å gjera.
(Kritikken vart til sist i stor grad akseptert, og mykje av problemet
luska avgarde i lag med fhv red. Røssaak.)

Kulturredaktøren var reaksjonær, og skrøyt av det i avisa
Klassekampen. (Det løyste seg jo, på eit vis...)

Dekkjinga av distrikts-Noreg er mangelfull eller fråverande. Til og
med eit distriktsopprop vart levert. Dette er det ikkje svart på, trur
eg.

Dekkjinga av "aktivist-miljøa" er for dårleg. Ein dekte til dømes
ikkje det radikale 1.mai-arrangementet i Oslo, berre det
sosialdemokratiske møtet ("aktivistane" måtte sjølv skriva ein snutt
om Radikal 1. Mai, dagen etter.)Nyhendekriteria til mange i
redaksjonen er altfor like dei konvensjonelle, utan forståing for kor
viktig organisering nedanfrå er dersom målet er å skapa ei betre verd
for det store fleirtalet.

Dekkjinga av den faglege opposisjonen er mangelfull eller fråverande.

Avisa blir kritisert for ikkje å vera politisk skarp nok, for ikkje å
skilja seg mykje frå delar av Dagbladet og Dagsavisen Arbeiderbladet.

Friviljuge skribentar blir ikkje tekne godt imot. (Etter å ha jobba i
avisa sjølv eit halvår veit eg godt at dette problemet *ikkje* kan
løysast med ei "haldningsendring", og at det ikkje kjem av vond vilje.
Men kritikken finst no her uansett.)

Ein hadde ei prioritert dekkjing av ei undertøysmesse i Paris, men
*ikkje* av den store lastebilstreiken. Mellom anna grunna slike
viktige undertøys-turar hadde ikkje avisa råd til å reisa til Hongkong
under avkolonialiserings-rituala, som alle andre medier overvar.

Redaktøren har i fylgje einskilde synt kva kurs han ynskjer ved i all
hovudsak tilsetja nye journalistar heilt utan bakgrunn frå noko som
helst revolusjonær rørsle.

Laurdagsavisa er laga for å IKKJE selgjast på gata, med den nye
framsida.

Dette var dei punkta eg kom på nett no. Vi kan vera samde eller usamde
i den eine eller andre kritikken, eit konstruktivt ordskifte om desse
tinga ville vore bra for avisa og for venstresida, trur eg. Men det
har ikkje vore noko ordskifte. Stort sett har redaksjonen og
redaktøren vore heilt umælande andsynes kritikk på KK-forum og i andre
fora. Dei har rett og slett ikkje svart.

Men NO er det lyd og låt! NO må ein kasta seg rundt og senda
pressemeldingar og greier, for å hindra at AKP på sekterisk vis trekk
KK med seg ned i grava.

Ser ein ikkje at kritikken av ulike sider ved linja for avisa har
oppslutnad langt utanfor AKP? Ser ein ikkje at det er dårleg taktikk å
*fyrst* la vera å svara på ein masse kritikk og innspel frå folk som
er opptekne av avisas framtid, og *så* mana alle som vil avisa vel til
motstand mot Det Onde Akp?

Klassekampen er ein enormt viktig kapital, kanhenda den viktigaste.
Ikkje berre for AKP, men for all verkeleg venstreside i Noreg. Eg
meiner vi har eit felles ansvar for Klassekampen, og at det kan vera
lurt å la det koma til uttrykk gjenom at AKP sel seg under 50 prosent.
Men i den situasjonen som no rår, klårer eg ikkje anna enn å vera glad
for den kraftige aksjemajoriteten til AKP. Eg har sett lite
parti-sekterisme og overstyring frå den kanten i denne saka, heller
tvert imot. Og eg ser ikkje at det kan vera å "ta ansvar for framtida"
til den revolusjonære dagsavisa å overlata makta over KK til "nokon"
og eit eller anna markedsanalysert opplagsprosjekt med dei radikale
intellektuelle i storbyane som framste (einaste?) målgruppe. (Det er
mogleg at dette var ein særs usakleg og usann karakteristikk. I så
fall får rette vedkomande hjelpa oss ved å leggja fram kva som er eit
vettugt KK-prosjekt, og korleis dette skil seg radikalt for det AKP
ynskjer med avisa.)

Som sagt; vi bør ta eit felles ansvar for Klassekampen. Eg ser ikkje
mykje invitt til samarbeid eller felles ansvar for noko som helst i
det som no har kome frå Allern) og andre. Eg kan heller ikkje sjå
konturane av noko kraftig ynskje om å gavna Venstresida hjå dei som
har valt å setja i gang med "AKP øydelegg Klassekampen"-utspel *midt i
valkampen*. For alt eg veit kan det godt vera at AKP i tillegg til å
stå for noko av den politiske kritikken av KK driv ein kynisk maktkamp
om avisa. I så fall er dei ikkje dei einaste, ser det ut til.

Kameratsleg helsing

Magnus Engen Marsdal