Klassekampens framtid

Georg Arnestad (Georg.Arnestad@adm.hisf.no)
Wed, 10 Sep 1997 15:14:46 GMT+0100

Eg sluttar meg til innlegga frå Roar Madsen og Mark Chapman.

Eg abonnerer no "berre" på laurdags-KK. Ei tjukk, velskriven og
innhaldsrik avis. Likevel vert det slik at mykje av det "tunge" og
svært så intellektuelle kulturstoffet ikkje vert lese. Eg hadde
kanskje trudd at det skulle endre seg noko etter "kulturdebatten" på
KK-forum i fjor/tidlegare i år. Men det heile synest uavhengig
av kven som er kulturredaktør. Er det ikkje mogleg også å setje fokus
og søkjelys på folkelege kulturytringar og kulturfenomen i dagens
Norge, skrive kritisk om ulike sider ved kulturpolitikk på ulike nivå
osv.? Lær litt av Nationen og Ida Lou Larsen, som har forstått at
kulturlivets navle ikkje nett er i det "moderne" Oslo.....

Eg ønskjer meg heller ikkje noka AKP-"styrt" avis. Eg ønskjer meg
tilliks med fleire ei avis som tek klassestandpunkt, og som også
forstår at klassemessige forhold (ikkje minst) vert avspegla i
kulturlivet.

Diskusjonen om å seie opp laurdagsabonnementet har vi stadig gåande.
Sjølv heller eg klart i retning av å seie stopp. Men vår eldste
datter - 18 år - seier nei. Ho finn mykje ho likar å lese i
laurdags-KK. Og kanskje er det slik at vi som nærmar oss 50 er i ferd
med å verte for gamle til å henge med i den nyaste kultur- og
intellektuelle debatt??

Georg Arnestad
Beste helsing

Georg Arnestad
FoU-leiar

tlf. (47) 57 67 61 14/60 00
fax. (47) 57 67 61 00
E-post: georgar@adm.hisf.no