Klassekampen - UCK

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 9 Apr 1999 13:54:04 GMT

Peter M. Johansen i Klassekampen skriv:

>Ifølge franske radiojournalister som befinner seg i geriljakontrollerte
>områder i Kosovo rapporterer at geriljaen bistår Nato med å peke ut hvilke
>mål som skal bombes, melder NTB. Geriljaen er fortsatt i aksjon og ligger i
>kontakt med Nato. UCK har blitt sterkt svekket, men en kommandant hevder
>overfor de franske reporterne at den dårlig bevæpnede geriljaen fremdeles
>kontrollerer 40 prosent av Kosovo.
>– De ønsker våpen, ikke utenlandske soldater. De vil kjempe for landet sitt,
>rapporterte Frank Berrouyer fra Europe 1. Ingen melder om massakrer.

Dette stemmer ikkje heilt. Det er rett at ei lita gruppe franske
radiojournalistar tok seg over til Rugovodalen i Vest-Kosovo frå Montenegro
for eit par dagar sidan ( m.a. Frank Berroyer frå Europe 1 og Nicolas
Poincaré frå Radio France). Eg høyrer dagleg reportasjane deira på direkten,
men har ikkje enda høyrt at UCK peikar ut bombemål for Nato. Dette må vera
annanhands opplysningar. Eg har heller ikkje høyrt at dei benektar
massakrar. Rugovodalen er eit område som blei "tømt" dei fyrste dagane etter
opptrappinga av krigen. Det finst difor ikkje flyktningar att i dalen.
Nicolas Poincaré sa igår at UCK kontrollerer heile dalen og at dei held
stand mot serbiske einingar som pressar på lenger nede.

Det er no også treffningar mellom UCK og serbiske styrkar i grenseområda i
Nordaust-Albania. UCK er truleg i ferd med å byggje opp ein motoffensiv på
bakken.

Oddmund Garvik