Re: SV: Høgt_ volum - og blod

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 9 Apr 1999 10:45:37 GMT

Dette blir kanskje irriterande polemikk, men me er her for å diskutere...

Gudmund Valderhaug skriv:

>Bondevik har verkeleg blod på hendene. Dette uttrykket er ein metafor for
>at han er medskuldig i at serbiske liv har gått tapt (og som vanleg krig er
>det ikkje generalane, men vanlege folk som døyr).

For å koma attende til hypotesane som har blitt kasta fram av den eine og
andre, lat oss seia at Nato ikkje hadde gripe inn, lat oss seia at Vesten
blei sitjande på gjerdet som dei gjorde då krigen braut ut for åtte år
sidan. Kunne ein ikkje likeins seia at vestlege politiske leiarar hadde blod
på hendene ved å halda seg passive og lata serbarane i "ro og mak"
terrorisere og landsforvise det albanske folket i Kosovo? Kan ikkje
passivitet også vera ei form for vald?

For meg blir det meiningslaust å nytte slike bilete fordi dei slår i båe
retningar.

>KK opptrer på ein annan arena. Formuleringane i KK er uttrykk for politiske
>val som får politiske konsekvensar. Når dei skriv at Bondevik må stillast
>for krigsrett (ikkje riksrett!) så er det i beste fall pinleg.

Det har du heilt rett i!

Oddmund Garvik