Eit uferdig svar til Andresen

Olav Randen (boksmia@online.no)
Thu, 11 Mar 1999 09:12:48 +0100

Trond Andresen ber meg kommentere sitt forslag til ny formålsparagraf for
Klassekampen og gjerne kome med endringsforslag. Eg fann det mest tenleg å
lage mitt eige forslag. Tida er ikkje inne for finformulering, og ta dette
som ein kladd og ei høgttenking med ein litt annan struktur og noko andre
konklusjonar enn hjå Andresen.

a) Kva for tradisjon(ar) bør avisa arbeide ut frå?

For det første finst ein opprørsk og radikal arbeidartradisjon (Tyssedal og
Rjukan kan vere døme).
For det andre finst ein (i hovudsak bygdenorsk og bygdenordisk ) tradisjon
med å stole på eigne krefter (norsk bureising i mellomkrigsåra og svenske
oppfinningar gjennom eit hundreår kan vere døme).
For det tredje finst ein solidaritetstradisjon og ei likskapstenking (i
delar av arbeidarrørsla, i mange kristenmiljø, i småbrukarrørsla osv.).
For det fjerde finst ein nasjonal sjølvstendetradisjon (EU-kampane er eit
døme), også med respekt for andre lands og folks rett til sjølvstende.
For det femte finst ein opplysningstradisjon (Arbeidernes leksikon og Norsk
allkunnebok kan vere døme, men må nemnast begge to, liksom Arbeidermagasinet
og For bygd og by, for opplysningstradisjonen er knytt minst like mykje til
småborgarskapet som til arbeidarklassen).
Slik eg tenkjer, blir eit hovudpoeng med politisk arbeid framover å få til
ein syntese mellom desse ulike tradisjonane. Ikkje med å bryte ned eller
fjerne skilnader og eigenart, men med å samarbeide om felles mål. Eg trur
Klassekampen framover bør orientere seg mot fleire og ikkje berre mot den
eine, proletære.

b) Kva for sosiale mål bør avisa vere med på å fremje?

Her svarar eg stutt: Demokratiske og berekraftige samfunn og globalt
likeverd.

c) Kva for journalistiske mål bør avisa ha?

For det første å avdekkje korleis samfunnet fungerer.
For det andre å arbeide ustanseleg for å sjå og framstille samfunnet
nedanfrå (ved kamp om spalteplass bør husmora få plass og Bondevik eller
Jagland refuserast, for å ta eit døme).
For det tredje å vere ein konsekvent forsvarar for ytringsfridom.
For det fjerde å vere ei reell riksavis.
For det femte å vere ei avis med globalt perspektiv.
For det sjette å vere eit talerøyr for naturen mot menneskes øydelegging av
han.
For det sjuande å drive fram debatten om alternativa til vårt samfunn.

d) Om samarbeid mellom redaksjon og lesarar (Sjå Andresen om dette,
fornuftige forslag som det kan arbeidast vidare med, hugs berre at
Klassekampen ikkje er mutters åleine om å vere idealistisk avis, aviser frå
Dagen til Framtid i Nord har noko felles der.)

Det over, som altså er berre ein skriftfest variant av høgttenking, skil seg
noko frå Andresen sine formuleringar. Eg poengterer sterkare perspektivet
nedanfrå. Der Andresen tek utgangspunkt i proletære tradisjonar åleine, tek
eg utgangspunkt i opprørs- og sjølvstendetradisjonar. Der Andresen tek
utgangspunkt i antikapitalistisk kamp, er mitt utgangspunkt all motstand mot
ikkje berekraftige samfunn. Tenkt ut frå at vi må finne fram til noko av det
som samlar Trond Andresen, Olav Randen, Per Olaf Lundteigen og endåtil Kåre
Willoch (den eldre) saman med flest mogeleg av dei vi ikkje veit namnet på,
i arbeid for ei betre framtid.