SV: Svar til Michelet

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Tue, 9 Mar 1999 12:34:01 +-100

Men Randen; er det ikkje mogleg for Klassekampen og gje liv og lys og rom til debatt med og for ein masse folk som ikkje er "proklamert revolusjonære og sosiaistiske" UTAN å fjerna avisas eige politiske grunnlag?

I så høve: Kvifor ikkje?

Mingus
----------
Fra: Olav Randen[SMTP:boksmia@online.no]
Sendt: 9. mars 1999 10:42
Til: Klassekampen-Forum@aksess.no
Emne: Svar til Michelet

Jon Michelet skriv: "Når Randen har gått ut med en så omfattende kritikk av
Klassekampen som han har gjort, og jeg har svart grundig, bør Randen svare
meg. Det er Admiralen som har trebeinet på og veit hvor det trøkker."
Sant nok. Men nye rundar med nærkamp har ikkje så mykje for seg. Eg har
foreslått visse endringar innanfor konseptet Klassekampen for å gjere avisa
til ei riksavis og ikkje ei Oslo-avis, og Michelet har skissert tiltak (som
eg ser som fuglar ikkje i handa og ikkje på taket, men i lufta). Eg har
foreslått å la miljøspørsmål få den plassen kultur har no og omvendt, dels
fordi miljø er viktigare enn kultur og dels fordi evna til sjølvstendig
kulturanalyse manglar på norsk venstreside og stoffet difor
kulturpresentasjon som i dei fleste aviser. Michelet har avvist det (på
lettvint vis). Posisjonane er altså avklara så langt. Eg kan argumentere
vidare, men makta rår.
La meg likevel få med dette: Et tykkjer Michelets mannskap gjer ein god jobb
etter føresetnadene. Visst kan mykje kritiserast i journalistikken deira og
etter mitt skjøn også i den politiske tenkinga, men ikkje arbeidsinnsatsen
og ikkje pågangsmotet.
Kanskje har Michelet rett og eg tek feil når det gjeld det at Klassekampen i
si noverande form kan kome seg gjennom den krisa avisa er i no, på
sparebluss, med 5-7000 abonnentar, med parolen "Small is beautiful", med dei
som vil bruke avisa til å berge AKP som sine viktigaste støttespelarar og
med det å tilfredsstille dei som viktigaste mål.
Men hovudsaka mi i det innlegget som utløyste denne debatten, var ei heilt
anna: At vi som meiner verda har gått av hengslene, i staden for å pusle med
det vesle og vakre for oss sjølve, kan nå breitt ut og endre norsk tenking.
Viss dei med makt i og/eller over Klassekampen er villige til å snu på eiga
tenking og vågar spranget med å samarbeide med andre som også meiner verda
har gått av hengslene. Viss dei ryddar opp i den mistrua til alt anna ein
sitt eige som Asgeir Bell formulerer slik: "Etter mitt syn er det å stryka
revolusjonært og sosialistisk i plattforma det same som å gje marknaden og
den dominerande borgerlige offentligheiten fritt spelerom. Det gjev ikkje ei
nøytral avis, men det vil ganske raskt gje ei anti-revolusjonær avis." Og
Bells ideolog tømmermannen frå Nasaret (sjå førre innlegg) altså slik: Den
som ikkje er med meg, er imot meg (Lukas 11-23).
La meg ta ei sak blant mange: Verdas fremste meteorologar har mata
datamaskinar med klimaopplysningar og ut frå det kome til at den globale
gjennomsnittstemperaturen dei neste hundre åra vil stige med 2 grader,
fordelt med 1 grad i hava (som er kuldebasseng og blir varmare nokre tiår
etterpå) og 3,5 grader på landjorda. På klimakonferansen i Buenos Aires før
jul vedtok verdas miljøvernministrar tiltak som, viss alle blir følgde opp,
vil redusere temperaturstigninga frå 2 til 1,9 grader i gjennomsnitt.
Stilt overfor dette og mange liknande spørsmål er Michelets "Small is
beautiful" tafatte saker. Og Bells tankar om at alt anna enn det proklammert
revolusjonære og sosialistiske er "å gje marknaden og den dominerande
borgerlige offentligheiten fritt spelerom", er isolasjonisme og
handlingslamming.