SV: SV: Flere spiker i kisten

Ottar Solberg (ottsolbe@online.no)
Thu, 25 Feb 1999 23:02:23 +0100

Om demokrati:

Bismo skriv at vi MÅ ha demokrati under sosialismen i Noreg, men kan henda ikkje i mindre materielt utvikla land. "Ulike tilhøve krev ulike løysingar."

Marsdal svarte med:
"Eg lurer på: Korleis skal det Bismo kallar å "kartlegge folks behov på en ordentlig måte" (forøvrig ei litt byråkrataktig, ovanfrå formulering av trongen for demokrati...) foregå UTAN demokrati i desse landa som må bruka "andre løysingar" under "sosialismen"? Kva er det dei kan få til som ikkje vi kan få til?"

Alle har vi vel eit idealbilete av kva demokrati bør være som liknar svært mykje påkvarandres. Men demokrati er ikkje og vil aldri være noko som er upåværka av det konkrete samfunnet demokratiet skal værke i.
Derfor må det være heilt innlysande at "ulike tilhøve krev ulike løysingar". Det er ikkje noko mystisk og gale med det. Det viktige er at det går den rette leia mot vårt idealbilete av demokratiet.
Folk sine vanar, folk sin kultur byggjer på i mange høve på hundrer av års samfunnsutvikling, og det kan ta hundrer av år å snu vanar, endra kultur.
Skal vi då vente med demokrati, og ikkje prøve oss med ei ega løsing, i hundre år, avdi vi ikkje kan få til det ideelle demokratiet?

Ottar Solberg