I_hodet_på_ein_gammal_gubbe

Gudmund Valderhaug (gudmund.valderhaug@hordarkiv.hl.no)
Thu, 4 Feb 1999 08:18:03 +0100

Eg har lest innlegga på kk-forum meir eller mindre fast dei siste par åra,
utan å blande meg inn i nokon diskusjon. Eg har tenkt at det er best slik,
fordi vi gamle gubbar som var aktive på sytti- og åttitalet bør helst halde
kjeft og la dei som aktive no styre ordet. Men når KK står i fare for å gå
inn, må eg få ytre meg (min viktigaste synlege politiske aktivtitet er vel
å abonnere på avisa). Så kva må gjerast for å redde kk?
1. Avisa må bli bedre. (Dette er kanskje viktigare enn "aksjesitsen"!)
For tida er KK temmeleg grå - og altfor lik andre aviser. Stoffvalg og
vinkling er ikkje utprega spenstig. Eit par av journalistane skriv så
rettruande og politisk misjonerande at det er vondt å lese det. Eg saknar
fritenkjarane i avisa, det er faktisk til tider meir spenstig journalistikk
(måli i spaltemeter) i Dag og Tids eine utgåve i veka enn i KKs seks.
Dessverre. Eg ønskjer ikkje at KK skal vende tilbake til tida f.A. (før
Admiralen). Det som er bra i dag i KK er stoff som ofte mangla den gongen.
Men det er åpenbart at avisa mista verdifull journalistisk kapital, som det
er vanskeleg å erstatte.Og kanskje endå viktigare: journalistisk teft. Eg
abonnerer, som eg alltid har gjort, men når avisa byr på så lite spesielt
som i dag, kan det vere at den blir salderingspost ved neste
budsjettrevisjon.
2. AKP må fristille KK
Eg - og svært mange med meg - har store motforestillingar mot å bidra til
innsamlingar eller aksjeskjøp så lenge AKP sit med bukta og begge endane i
KK. Eg har null tillit til rest-AKP (var med sjølv i tjue år og kjenner
litt til dei som er att). Dessverre trur eg det er lite realistisk at AKP
vil gjere dette - eg har hørt sagt at det er betre med ei vekeavis under
partikontroll enn ein fristilt KK. No var det ein AKPar som truleg ikkje er
representativ som sa dette, men kven veit?
Realistisk er det ein veg for å redde avisa: å gjere den så god at vi ikkje
klarar oss utan.

mvh

Gudmund Valderhaug