OM KK-AKSJER

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Thu, 28 Jan 1999 11:33:19 +-100

AKP OG AKSJER

Eg vil oppmoda debattantane til å bli med på eit tankeeksperiment:

Tenk at du er med i AKP. Du er ikkje nøgd med Partiet, det er for smått, for treigt, det diskuterast for lite politikk, det vervar for få ungdommar, det er i det heile teke ikkje all verda. Du er litt desillusjonert, og absolutt open for at venstresida kan trengja noko meir og noko anna enn AKP. Men du ser ikkje noko alternativ som du tykkjer funkar betre som kommunistisk parti, og ei kommunistisk parti vil du gjerne ha, så du betaler framleis kontingent til partiet. "Men heldigvis har vi Klassekampen", tenkjer du.

Du var redd KK skulle distansera seg frå den revolusjonære rørsla ein gong for alle i 1997. Du ser at AKP-leiinga ikkje gjorde alt på rette måten, men du er takksam for at dei tok den krigen som måtte til. Du var skeptisk til å selgja ned til 49%, men lot deg overtyda då AKP-leiinga gjekk inn for det. Under aksjekampanjen gjorde du det du kunne av aktivisme og bladde opp 15.000 kroner sjølv. Du tykkjer det er trist at folk som før var KK-venar og aktivistar no har vendt seg mot avisa, men er glad for at mange som før var hatske no er å finna i spaltene att.

Alt i alt har du på slutten av 1998 ei kjensle av at avisa er berga, og inne i ein snuoperasjon som vonleg vil gje framgang i åra som kjem, altså fleire abonnentar. Så kjem opplagstal og reiknskapstal, og det er krise igjen. På grunn av jobben, ungane etc etc har du ikkje tid til å vera KK-aktivist no. Men til slutt blir du "mobilisert" til å ta nokre ringevakter for abonnementskampanja likevel, faen heller, vi må jo stå på!

Så les du KK-forum. Og du ser at "analysen" som blir framført der er at grunnen til det låge opplaget er at AKP har eigarmakta. Men dette har du ALDRI høyrt frå nokon av dei du ringer på kveldstid og spør om dei vil abonnera. På KK-forum ser du jamvel folk som "ikkje vil gje støtte til KK før AKP sel seg ned".

Kva tenker du då? Eg trur du tenkjer at "Desse folka er faen meg berre opptekne av å ta AKP. Dei utnyttar ei kvar krise for avisa til å gå til åtak på AKPs makt. Dei er ikkje ute etter allianse, berre etter å laga hardast mogleg press. Dette er faen ikkje ulikt Allern og Co! Hadde dei i det minste synt VILJE til å byggja opp tillit, hadde dei i det minste gjort ein stor innsats for abonnementskampanja, SÅ kunne vi jo vurdert å selgja enno meir makt, eg ser jo at AKP truleg ikkje kan sitja styring over denne avisa åleine for evig. Men no: Faen heller! Dei er jo berre ute etter å slå laus på AKP, her blir det ingen deal!."

Tankeeksperiment slutt.

Det er til sjuande og sist AKPs medlemmar som skal avgjera dette. Og dei KAN faktisk gå mot aksjesal, uansett kva partileiinga måtte gå inn for. Eg seier ikkje at reaksjonen til vår fiktive AKPar er "riktig", men eg trur han er ganske sannsynleg. Dette illustrerer innhaldet i noko Jorunn Gulbrandsen uttalte i 1997: "Press mot AKP virker motsatt".

Eg er ikkje mot å diskutera eigarmakt og "breiare allianser bak Klassekampen". Men eg er mot å framstilla dette som ein hastediskusjon som NO må til for å redda avisa. For det fyrste: Det FINST INGEN potensiell eigar som kan gå inn og "redda KK", "berre AKP viser vilje til å dela makta". For det andre: Dette VIL krevja tid, til handsaming i AKP. Såleis meiner eg at den kraftige vektleggjinga av kampen om eigarmakta nett no berre er ei avsporing, og ikkje tener arbeidet for å redda avisa gjennom 1999 ved å skaffa nok abonnentar.

Dette er mitt siste innlegg i denne debatten for no (vonar eg). Om andre har veldig sterk trong til å sita og slå den firkanta treklossen mot kantane på det runde holet endå nokre veker, kan eg ikkje nekta dei det. Men eg vil oppmoda dykk til å heller å bruka tida på å bidra til avisa, eller til vervekampanjen.

Beste helsing

Magnus E. Marsdal

Parti-Kanin