Re:_IQ-testing_av_kjøpmenn_=3F_En_ide_=3F

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Fri, 15 Jan 1999 12:30:03 +0100 (CET)

Det paradoksale med heile saka er jo at RIMI, REMA osb i det lange løp
IKKJE kjem til å tena på sundagsopne butikkar. Matvarer er noko ein kjøpar
av di ein treng det, og i og med at "potten" - dvs. kor mykje folk kan
bruka på mat, eller VIL bruka på mat - ikkje kjem til å auka, så kan
butikkane ha døgnope utan at matvarebransjen som heilskap tener ei krone
meir.

Dei einaste som tener på dette er dei som er "først ute". Trond Lykke
tener utvilsamt grovt nett no, av i han har eit sokalla
"konkurransefortrinn". Når alle har ope på sundag har han ikkje det
lenger, berre større utgiftar (det er dyrt å tilsetta folk på sundag).

Dette er eit GLIMRANDE døme på kapitalismens iboande idioti - til og med
kapitalistane vil tapa på det, men tør ikkje la vera av di dei risikerer å
verta utkonkurrert.

Paal Hellesnes
Personsoekar: 96 84 78 06
Finger paal@feskar.net for PGP-nøkkel

PS! Det fins ein måte dei kan tena pengar på det - om maten vert dyrare.
Kven er det då som betaler?