Debattmåte_og_erkjenningsvilje

Olav Randen (boksmia@online.no)
Sat, 10 Jan 1998 08:19:04 +0100

I artikkelen "Randen som ridder" 9.1. siterer Trond Andresen dette frå meg:
"Når Mikkelsen/Andresen rører saman informasjon og agitasjon i ei suppe,
blir spørsmålet i staden "vår" rett til å få "vår" røyndomsframstilling".
Han skriv så: "Nei! Randen legger her ord i vår munn. Vi har ikke sagt noe
slikt." Han skriv seinare:"Vi har aldri sagt, og mener ikke, at "alt
eigentleg er agitasjon"".

Nettartiklar er lette å leite seg attende i. 23.12 skreiv Solveig
Mikkelsen: "Jeg vil hevde at dette skillet (d.e. mellom agitasjon og
informasjon) er meningsløst, og at all journalistikk (ikke bare i KK)
veksler mellom å være informasjon, agitasjon eller ofte begge deler
samtidig." 5.1. skreiv ho at "det lar seg ikke gjøre å sette et skille
mellom agitasjon og informasjon." I Klassekampen 31.12 skreiv Trond
Andresen: "Hvordan medier skal skille mellom informasjon og agitasjon vil
de fleste folk med journalisterfaring si er mildest talt vanskelig.
Redaktører, vaktsjefer, journalister bestemmer nemlig det meste for oss
lesere, seere, lyttere". Etter å ha gått gjennom noko av det Noam Chomsky
med eit godt ord kallar filter for informasjon, konkluderer han: "På denne
bakgrunn blir slagordet "informasjon, ikke agitasjon" i beste fall naivt."

Dei fire sitata i avsnittet over dette kan vanskeleg tolkast på anna vis
enn som avvising av skiljet mellom agitasjon og informasjon. Fordi skiljet
er vanskeleg og all journalistikk er begge delar eller iallfall litt av
kvart, bør skiljet ikkje brukast. Såleis har eg dekning for dei synsmåtane
eg knytte til dei to. Om Andresen no ser spørsmålet annleis, kunne han ha
skrive at han tok feil eller at han tenkte uklart eller at han har endra
syn under vegs. Men han aspirerer til medlemskap i Korttidsminneforeninga
når han slår attende med at eg legg ord i hans munn eller deira munnar.

Andresen skriv dinest: "Vi er fortsatt uenige med Randen når han insisterer
på å bagatellisere problemene med de bortvelgelses-, vinklings- og
kilde-valg som MÅ gjøres". Men når har eg insistert på dette? Svaret er
aldri. Tvert om er det å dra skiljet mellom objektiv informasjon og
subjektiv informasjonsformidling ein måte å gripe fatt i desse problema på.

Er no dette noko å mase meir om? Kan me ikkje seie at det er menneskeleg å
forsvare eigne standpunkt til the bitter end? - Eg veit du har rett, men eg
gir meg ikkje, som folk hermar etter ein sambygding min. Har eg noko
uteståande med Trond Andresen, sidan eg skriv nok eit innlegg for å gjere
overtydeleg det som dei fleste forstår fullgodt av Andresens siste innlegg?

Nei, eg har ikkje noko uteståande med Andresen. Eg tykkjer han ofte har
kome med konstruktive innspel og sjølvstendig tenking i samfunnsdebatten og
vonar han vil utvikle denne delen av sitt politiske engasjement vidare. Når
eg prøver å gjere dette tydeleg, er det fordi innlegget etter mitt skjøn er
uttrykk for ein debattmåte som er til skade. Ikkje først og fremst for
Andresen og heller ikkje for meg, men for vårt felles arbeid for eit betre
samfunn. Målet med politisk debatt må aldri bli å forsvare ellet tvihalde
på eiga tenking eller inntrykket av oss sjølve som ufeilbarlege. Målet må
vere at me kollektivt får djupare innsyn, slik at me kan handle
fornuftigare i framtida enn me og våre medspelarar har gjort til no. Om
Trond Andresen, Olav Randen og andre gode venstreekstremistar, som har det
sams at me stundom tenkjer rett og stundom feil, skal få til å endre
samfunnet, må me difor også vere nådelaust ærlege med eiga fortid og eiga
tenking.