Re: Knus nazi-svina!

Magni Onsoien (magnio@nvg.ntnu.no)
Fri, 9 Jan 1998 13:33:07 +0100 (MET)

On Fri, 9 Jan 1998, Kaj Størdal Toftner wrote:

> > I vote NO on rec.music.white-power
>
> Er ikke denne veldig gammel, eller prøver dem på nytt?

Denne er verkeleg gamal, det er nøyaktig den same mailen som 'alltid'
(dvs. i minst eitt år). For det fyrste er gruppa ikkje oppretta, den vart
nedstemd med stort fleirtal, for det andre er kontoen til han som sto som
teknisk arrangør av avstemminga stengd, for det tredje er kontoane til dei
hundrevis som mailbomba siten*) der den tekniske avstemminga var heldt
stengd, for det fjerde er dette FEIL MÅTE (tm) å gjere det på. Når man får
mail som det står "send vidare" i ei eller anna form - IKKJE gjer det!
Sjansen er stor for at det a) er eit mailvirus (psykologisk sådan, det er
tatt opp her før), b) ulovleg kjedebrev eller c) ein avslutta kampanje som
gjerne misløuktes av di den vart for stor.

Dessutan, når det gjeld newsgrupper/USENET-grupper, er det IKKJE god skikk
å spreie slik info i andre fora, nett av di det ofte fører til STORE
problem (å få mailserveren sin mailbobma med masse mail er feks. ikkje
spesielt gøy).

Så ver så snill, ikkje spre mail av denne typen eller virusåtvaringar
eller "send-kort-slik-at-eg-kjem-i-Guinnes-rekordbok-før-eg-døyr-av-kreft-
kampanjer" eller _nokon som helst_ annan type mail som ber det minste snev
av kjedebrev. Det finst meir eigna fora, både teknisk og netikettemessig.

Mvh
Magni :)

*) Det at ein person på eit domene/site tilfeldigvis står som teknisk
arrangør av ei avstemming er heilt vanleg. Det er ikkje god
skikk/netikette å halde ei slik avstemming sjølv, for ei gruppe ein sjølv
har foreslått eller vore aktiv for/mot - det vil gjere det for lett å
jukse. Difor er det ein del menneske som plar ta på seg å stå som teknisk
arrangør, gjerne "automatisk", dvs. for fleire samstundes og utan
engasjement for eller mot dei. Kanskje stemmer dei ikkje sjølv ein gong.
Desse slitarane stiller då server, adresse og gjennomføring til rådigheit,
og får ingenting igjen for det i form av pengar, heider eller ros. Derimot
får dei gjerne kjeft når noko går gale på ein eller annan måte, men lite
ros for det som er bra. Og for ordens skuld: han som var teknisk arrangør
av avstemminga for alt.music.white-power er ikkje nazist og tok sterk
avstand frå gruppa då han fann ut kva det var.

--
Ed is good for you.