Klok og/eller raud?

Olav Randen (boksmia@online.no)
Thu, 8 Jan 1998 17:57:07 +0100

To tredelar av innlegget til Arne Eriksen, "Informering eller agitasjon",
6. januar er eg samd i. Men det er viktigare å diskutere usemje enn semje,
så eg tek for meg den tredelen eg er usamd i og trekkjer derifrå nokre
trådar attende til debatten med Trond Andresen og Solveig Mikkelsen.
Eriksen skriv: "Trond Andresen (kommer) triumferende trekkende med den
banale sannheten at all journalistikk egentlig er agitasjon, ut fra hvordan
redaksjonen velger ut saker som skal behandles, valg av vinkling også
videre og videre og videre.... Dette har selvfølgelig Trond Andresen rett
i, men poenget er at han da har beveget seg opp på det allmenne nivået (det
objektive nivået), og står der og peker nese av Olav Randen."
Hadde Eriksen (eller Andresen) skrive at all informasjon, alle
fjernsynsprogram, alle avisreportasjar, alle leksikonartiklar, har eit
element av agitasjon eller iallfall subjektivitet i seg, hadde eg vore
samd. Men det er noko anna. Det er ikkje slik at alt flyt. Det er i staden
slik at det finst ein objektiv røyndom å informere om. Eller desinformere
om.
La oss tenkje oss to reportasjar frå Nord-Irland. Temaet for begge er
forholdet mellom Nord-Irland og Storbritannia. Den eine går attom, grev og
rotar i historia og eigedomsforholda og pengeflaumane og dei politiske
konstellasjonane. Slik ville ikkje berre ein Peter M. Johansen truleg gjere
det, men også ein Alf R. Jacobsen eller ei Anne Grosvoll, ut frå det målet
at lesarar eller sjåarar eller lyttarar skal informerast skikkeleg og
røyndomen framstillast naken og usminka. Den andre reportasjen om same
temaet er ei solskinshistorie. Reportaren skriv om britiske hjelpeprogram
og nære kontaktar og britisk næringsliv som skaffar arbeidsplassar og ser
bort frå alle problemfelt han har møtt i stoffinnsamlinga. Men livet på
norddelen av den grøne øya er inga solskinshistorie, slik at denne
reportasjen blir usann og desinformasjon i staden for informasjon.
Sjølvsagt har begge reportasjane eit subjektivt element i seg, og ofte er
dette agitatorisk på det viset at skribenten har som ope og innrømt eller
løynd og kanskje ikkje vedgått mål å få lesaren til å tenkje på bestemte
måtar. Men for ein sanningssøkjande journalist gjeld det for det første (i
dei fleste høve, dette handlar om hovudregelen og ikkje unntaka der andre
metodar gir betre informasjon) å redusere det subjektive. For det andre
gjeld det at journalisten klargjer sine subjektive vinklingar og sine val
for lesarane. Slik at det i minst mogeleg grad er journalisten eller avisa
som styrer tenkinga til lesaren og at det i størst mogeleg grad er lesaren
som vel sjølv korleis ho vil forstå ting.
Når Mikkelsen/Andresen rører saman informasjon og agitasjon i ei suppe,
blir spørsmålet i staden "vår" rett til å få "vår" røyndomsframstilling.
Andresen skriv såleis: "Redaktører, vaktsjefer, journalister bestemmer
nemlig det meste for oss lesere". For han er altså dette eit akseptert
rammevilkår som ein må agere innanfor. Men i staden for å velje redaktørar
som bestemmer annleis for oss, bør me arbeide for at media skal gje oss
informasjon slik at me kan vurdere og bestemme sjølve. Det gjer dei med å
så langt råd framstille røyndommen slik han er.
Eg tykte Mikkelsen stilte eit avsporande spørsmål då ho spurde om eg meinte
Klassekampen skulle framstille Storbritannia i Nord-Irland i eit meir
positivt lys for å tilfredsstille aktuelle lesargrupper. Men for henne er
kanskje spørsmålet naturleg. Målet er anten å tilfredsstille
arbeidsgjevaren eller kundane, altså lesarane, eller begge delar.
Med si samanrøring av agitasjon og informasjon skuslar Mikkelsen/Andresen
bort den politisk avgjerande kampen for informasjon og kunnskap, i media, i
skolen og i samfunnet elles. Om alt eigentleg er agitasjon og difor
særinteresser, opnar dei for den fordumminga som ligg i at ein berre skal
sjå på og informerast om si greie og ikkje om heilskapen.. Slik blir dei
også politisk ufarlege. Dei splittar seg frå den tradisjonen i den
europeiske fornuftstenkinga som finst innanfor ulike politiske leirar, også
i delar av borgarskapet, for at eit mål er å skjøne samfunnet til botnar og
å formidle denne innsikta.
Eg ønskjer at Klassekampen skal arbeide i spora etter John Milton, Dennis
Diderot og Karl Marx ut frå den grunntanken at samfunnsforhold så langt det
i det heile let seg gjere, skal framstillast - ikkje slik det passar oss i
augneblinken, men slik dei objektivt sett er. Eg ønskjer at Klassekampen
skal vere ein del av den globale kampen for kunnskapar og informasjon til
vanlege folk, for bibliotek, nett-tilgang, kunnskapsskole og
reservasjonslaus sanningssøking. Same kven som på stutt sikt tener på det
og same kven det går ut over. Endåtil om det kan svekkje kapitalutvidinga
for avisa. Eg meiner altså målet med avisa må vere at lesarane skal bli
klokare framfor at dei skal bli raudare. Det følgjer gjerne i kjølvatnet.

Olav Randen