Informere og agitere!

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 06 Jan 1998 13:43:28 +0100

Av debatten mellom Randen, Mikkelsen og nokre andre kan ein få inntrykk
av at KK enten må bli ei "nøytral" informasjonsavis eller eit reint
agitasjons- og kampanjeorgan. Etter mi meining treng vi begge delar!

Det er elementær journalistikk å skille mellom faktaopplysningar og
kommentarar. Fakta (nyheiter og bakgrunnsstoff) skal gje den
informasjonen som lesarane treng for å få vite kva som går for seg.
Kommentarane set informasjonen inn i den samanhengen som
kommentatoren/journalisten/avisa står for. I KK er det ikkje urimeleg om
kommentarane til tider (f.eks. før ei EU-folkerøysting) får eit
mobiliserings- eller agitasjonspreg.

Utvalet av stoff (også faktadelen) er prega av kva grunnsyn, formål
eller målgruppe avisa har, og slik skal det vere! Vårt Land har stoff
frå kristenlivet, Dagens Næringsliv frå børsen, og KK skal sjølvsagt
skrive om "utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser" og andre saker
som godt kunne ha vore med i formålsparagrafen.

Eksempel: Ingen meiner vel at KK skal likestille ja- og nei-sidene i
EU-kampen. Først og fremst bør KK grave fram saker som viser negative
følgjer av EU-medlemskap og -tilpassing (gjerne også positive følgjer,
men dei blir dekte andre stader). Dessutan bør KK dekkje ja-sida såpass
godt at vi på nei-sida kjenner argumenta og disposisjonane deira. Noko
liknande kan seiast om gasskraftverk, Midt-Austen, fagleg kamp,
kvinnekamp og anna som det er brei semje om på venstresida.

Problema oppstår når KK skal dekkje saker som lesarane (eller dei ein
ønskjer å få som lesarar) er sterkt usamde om. Desse problema er ikkje
uoverstigelege dersom det finst vilje til kompromiss og deling av makta.
Dessverre har redaktøren no ein eigar hengande over skuldra, ein eigar
som nyleg har vist vilje til å bruke makt.

All diskusjon om formålsparagrafen blir berre slag i lufta så lenge AKP
i praksis får einerett på å tolke han. Den dagen AKP er villig til å gå
ned på 20 %, kan vi diskutere meiningsfylt om formålet skal vere
"sosialistisk og revolusjonært".

Lars Staurset