Om_å_tvihalde_inntil_vidare

Olav Randen (boksmia@online.no)
Sun, 4 Jan 1998 11:19:53 +0100

Tittelen på dette innlegget er henta frå Trond Andresen. "Grunnen til at
jeg inntil videre tviholder", skriv han i Klassekampen 31.12. Dette er
etter mitt skjøn eit godt uttrykk for ein tenkjemåte som me finn i mange
innlegg på dette forumet og hjå dei leiande bakom dagens Klassekampen, som
eg vil knyte til spørsmålet om informasjon og agitasjon til og som eg
meiner me må ta eit oppgjer med. Tenkinga byggjer på to stolpar, at
verkelegheita er lett å rubrisere (godt og vondt, vener og fiendar,
sosialistisk revolusjonært grunnsyn mot alle andre synsmåtar) og at dei,
Andresen/Mikkelsen/Michelet og ein del andre, har svara som dei skal
forkynne eller agitere for oss andre.

Etter at eg tok til orde for ein diskusjon om sluttorda i formålsparagrafen
til Klassekampen, spør Andresen/Mikkelsen meg blant anna:
1. Bør Klassekampen ha ei eiga vekt som balanserer forholdet mellom
positive og negative kapitalisme-artiklar?
2. Bør avisa slutte å vere kapitalisme-kritisk?
3. Skal Klassekampen slutte å diskutere det alternative samfunnet?
4. Bør avisa droppe harsellas om Frp slik at Frp-arar skal like ho?
5. Kva med KKs vinkling når det gjeld Israels undertrykking av
palestinarar?
6. Bør avisa slutte å sjå det slik at Storbritannia har okkupert
-Nord-Irland?
7. Er det greitt at KK forkastar sitt nei til EU-standpunkt, slik at
lesarane kan tenkje sjølve?
8. Meiner eg det er sekterisk å knyte avisa til arbeidarklassen og
sosialismen?
9. Ville "marxistisk, sosialistisk grunnsyn" vere akseptabelt?
10. Er eg for Andresen sitt alternative forslag til formålsparagraf?
11. Kva meiner eg om Sigurd Allern sine synsmåtar - og han om mine?

Når eg les desse innlegga, ser eg for meg eit skjema. Øvst på skjemaet står
eit felt for kasus, og der skal det skrivast RANDEN. Så skal det kryssast i
ein rubrikk for kvart tema, slik at kasuset RANDEN blir handterleg.

Men dei fleste av oss passar ikkje i skjema av dette slaget. Me prøver oss
fram, skiftar synsmåtar og famlar vidare. Me er ikkje alltid handterlege,
for å skrive det slik.
Difor høver heller ikkje svaralternativa for oss. Kvar rad i dette skjemaet
har to og berre to alternativ. Anten er du altså for at Klassekampen skal
skrive om kapitalisme slik som no (set eit kryss i rute A), eller du vil at
avisa skal slutte å vere kapitalisme-kritisk (kryss i rute B). Anten er du
for at grunnsynet skal vere sosialistisk og revolusjonært (rute A), eller
du meiner at avisa skal slutte å diskutere alternative samfunnsløysingar
(rute B).
Når så skjemaa er utfylte, kan dei sorterast i to haugar. På eine sida dei
som meiner at Klassekampen skal ha den formålsparagrafen avisa har, altså
venene, og på hi sida dei som meiner eller kanskje meiner eller blir
tillagde eller ikkje finn å bruke tid og spalteplass til å tilbakevise dei
synspunkta at avisa a) bør slutte å vere kapitalisme-kritisk, b) bør
revidere sitt EU-standpunkt, c) ikkje skal knytast til arbeidarklassen med
meir, altså fiendane.
Redaktør Jon Michelet går vidare etter denne oppdelinga. Eg skreiv at så
vel ytre som indre forhold tyder på at Klassekampen vil få
overlevingsproblem i tida som kjem og skisserte deretter nokre tiltak for å
berge avisa. I staden for å imøtegå mi vurdering hentar Michelet ut ei
upresis formulering: "... når avisa støyter frå seg minst halvdelen av
venene sine", krev at eg dokumenterer noko berre redaksjonen på Grønland i
Oslo og AKP-leiinga har opplysningar for å stadfeste eller avkrefte og
skriv om fliser i eigne og bjelkar i mine augo. Alts=86 høyrer eg - liksom
andre som meiner ting kan gjerast annleis og betre også i Klassekampen -
heime i hovudkategori B, fiendane
Men dei fleste av oss som les og meiner noko om Klassekampen, er korkje
vener i tjukt og tunt eller bitre fiendar. Me er folk og ikkje kategoriar.
Me har ein del felles mål, men er ofte usamde om arbeidsmetodar og taktikk
og stundom også om måla. Og me er heile tida under vegs. Denne blandinga av
semje og usemje er og må vere grunnlaget for samarbeid.

Om me skal vere varsame med å sortere folk, bør me derimot bruke
dialektikken aktivt og dele eitt i to når saker skal analyserast. Eg drog
skiljet mellom informasjon og agitasjon i avisdrift. Dette skiljet er
vanskeleg, for det meste har element av begge delar i seg, skriv Andresen
og Mikkelsen. Det har dei rett i. Akkurat som det stundom er vanskeleg å
skilje mellom barn og vaksne eller mellom vaksne og eldre eller mellom
nordmenn og innvandrarar eller mellom nordmenn og samar. For mange av oss
er litt av kvart. Det er jamvel stundom vanskeleg å skilje mellom høgre og
venstre eller progressivt og reaksjonært. Samfunn og samfunnsforhold er
altså ofte så kompliserte at merkelappar ikkje dekkjer alle nyansar. Men
den som ryggar unna freistnader på å dele eitt i to og heller vil ha det
letthandterlege heile, mister lett evna til å analysere. Difor er det
fornuftig å
tenkje vidare omkring skiljet informasjon/agitasjon og dumt å avvise det i
utgangspunktet som problematisk.

La oss ta ein liten omveg om politikk og dinest kome attende til avisdrift.
Michelet, Andresen, Mikkelsen og eg er sosialistar. Me er samde om at
kapitalismen er ei samfunnsform som øydelegg både folk og natur. Me er
samde om at sosialismen er ei samfunnsform som i teorien kan fungere betre.

Om dette er også folk flest, 60-70 % av oss vil eg anslå, samde. Men dei
innvender med god grunn at for det om sosialismen i teorien er betre, tyder
praktiske røynsler på noko anna. Praksis i stort, som i Kina, og praksis i
smått, som i måten AKP fungerte på som arbeidsgjevar sist haust. Dei fleste
vil seie: Takke meg til marknadsliberalisme eller sosialdemokrati som
styringsform og Statoil eller Hydro som arbeidsgjevarar.
La oss sjå sanninga i kvitauga: Dei fleste døma så langt tyder på at
sosialistiske samfunn ikkje over tid blir betre enn kapitalistiske samfunn
og at sosialistar ikkje er i stand til å drive verksemd på nemnande betre
vis enn kapitalistar. Det har noko å gjere med at klassekampen held fram og
vilkåra for andre styringsformer er problematiske. Men det har også å gjere
med indre forhold, med at me sosialistar manglar analyseevne,
samfunnsforståing, metodar, demokratisk evne og kunnskapar nok til å styre
samfunn (eller verksemder) på god måte.

La oss så gå attende til avisdrift. Hovudoppgåva for ei avis no er ikkje å
gje svara, for desse svara manglar eller er utilstrekkelege. Hovudoppgåva
må vere å stille spørsmåla på slike måtar at den mangsidige og konstruktive
tenkinga kan utviklast. Difor er oppgåva å informere og å problematisere
framfor å agitere eller forkynne.
Andresen vil ha ei avis og ein formålsparagraf for avisa som inkluderer til
dømes Sigmund Kvaløy Setreng, men ikkje til dømes Erik Solheim. Kjenner eg
Setreng rett, og eg kjenner han godt, vil han takke nei til å bli ein del
av dette fellesskapet. For hans grunntenking byggjer på det mangfaldige,
kreative og ukjende. For han er sosialistisk revolusjon ein mogeleg veg ut
or kapitalismens uføre, men ikkje den eine Løysinga med stor L.
"Det er jo åpenbart at vi her ikke mener tilslutning til ettpartistat,
terror og byråkratisk diktatur", skriv Andresen og knyter i staden omgrepet
til ei rekkje positive ting. Men kjære deg, Andresen, du kan ikkje gjere
det så lettvint at du let sosialisme automatisk femne om alt bra og
vellykka og avvise alt dårleg. Ein av lærdomane du bør dra av striden siste
halvåret om Klassekampen, er at også norsk ml-tradisjon deler seg i to.
Arvid Hansen meiner eg bør definere ordparet informator/agitator nøyare.
Eksakte defininisjonar blir for meg ofte tomme, så det prøver eg meg ikkje
på denne venda. Men litt om skiljet: Informasjon i pressa har som formål å
gje lesarane kunnskapar for å tenkje og trekkje konklusjonar sjølve. I
siste EU-kampen var to norske aviser, Klassekampen og Dagens Næringsliv,
gode informatørar. Dagens Næringsliv sjølvsagt fordi ho er borgarskapets
informasjonsorgan og borgarskapet må kjenne røyndomen usminka om dei skal
handle i samsvar med sine interesser. Dagbladet og VG og Dagsrevyen hadde
derimot som hovudformål å desinformere massane. Agitasjon driv den som har
sett lyset og vil gje andre del i dette. Eit nærslekta ord er forkynning.
Nei då, Hansen, eg meiner ikkje at Klassekampen skal la vere å drive
kampanjar, agitere om du vil, for auka helseløyvingar eller mot
trikketakstane i Oslo eller for andre bra saker eller mot andre dårlege
saker. Eg meiner endåtil at avisa kan drive kampanjar for at folk skal
stemme Raud Valallianse. Eg ønskjer at avisa skal tilsetje
samfunnsengasjerte journalistar og la dei bruke dette engasjementet når dei
skriv. Men problemet er eit heilt anna. Det er at avisa er pålagt å vere
ein agitator for revolusjon og sosialisme. Eller meir presist uttrykt: for
den oppfatninga av revolusjon og sosialisme som aviseigaren har.

Tredve år sidan var mange norske aviser pålagde å vere partiagitatorar. I
valkampar måtte Arbeiderbladet og andre "arbeiderblad" skrive positivt om
Gerhardsen og Aftenposten og andre aftenpostar om Lindebrække og Willoch.
Slik er det ikkje lenger i same grad, i siste valkampen kunne til dømes
Aftenposten på leiarplass refse Jan Petersen. På denne måten har
presse-Noreg gått framover. Men ikkje Klassekampen. Den formelle
grunngivinga for at den førre redaktøren vart sparka, var at han og avisa
ikkje gjorde nok for å sikre Raud Valallianse røyster og mandat.
Altså har Jon Michelet ein synleg eller usynleg plakat hangande på kontoret
sitt, der det står: Du skal tene partiet i alt ditt redaktørvirke, så vil
det gå deg vel og du får leve lenge i jobben. Dette kan utdjupast slik:
Liksom ein prest i tenest er forplikta til å forkynne og forsvare Guds ord,
er du forplikta til å skrive slik at a) folk vil synast om sosialisme og
revolusjon, b) at AKP får fleire medlemer og meir sympati, og c) at RV får
fleire røyster. Slik skal du skrive både når du sjølv tykkjer RV/AKP gjer
fornuftige ting og når du tykkjer RV/AKP oppfører seg klønete og dumt og
reaksjonært. Gjer du ikkje så, kan det gå med deg som med forgjengaren din.
Og lystrar ikkje dine underordna denne ordren, er det di plikt som
ansvarleg for staben å irettesetje dei eller om naudsynt sparke dei på dør.
Måten aviseigaren tolkar sluttorda i formålet til Klassekampen på, er etter
mitt skjøn også i strid med resten av paragrafen. For der står det om
kritisk, analytisk journalistikk. Når ei avis skriv med påhalden penn, blir
resultatet i staden journalistisk spyttsleiking.
Trond Andresen og hans støttespelarar vil tvihalde på dette, iallfall
inntil vidare. Men om den sosiale rasjonaliteten skal gjenreisast og folk
skal vinnast for sosialismen, må me slutte å tvihalde på ting inntil
vidare. For om grepet losnar, blir det då lite att. Me må i staden vere
konsekvent kritiske og analytiske, også overfor eiga tenking.

Til sist, lesar: Dersom du etter desse linene tenkjer at denne tolkinga
kanskje er urettvis mot Andresen, Mikkelsen og Michelet, kan du ha rett. Eg
tøyer synsm=86åane deira med det formålet å gripe tak i ei tenking og ikkje å
vurdere personar. Eg kunne ha brukt andre, også meg sjølv. Problemet, slik
eg (som framleis meiner revolusjon og sosialisme er beste framtidsvegen)
ser det, er at det å tvihalde framfor å stille spørsmål står i vegen for at
vår del av verda skal gå i rett lei - og for at Klassekampen skal overleve.
Har eg rett, heilt eller halvt eller berre eit lite stykke på veg, er dette
så viktig at det er verdt å arbeide vidare med heller enn å skrive om
fliser og bjelkar eller å argumentere ut frå at Olav Randen høyrer heime i
kategori B for bakstrevarar.