Det politiske hovudskiljet

Olav Randen (boksmia@online.no)
Sat, 27 Dec 1997 11:26:53 +0100

Det politiske hovudskiljet
Solveig Mikkelsen og eg har i nokre innlegg diskutert desse sluttorda i
formålsparagrafen til Klassekampen: "... ut fra et sosialistisk,
revolusjonært grunnsyn". Eg har hevda at ein slik grunntanke forpliktar
avisa til å agitere for sosialisme og revolusjon og at ei slik forplikting
er usunn for ei avis. I dette innlegget skal eg sjå på spørsmålet frå ein
annan synsvinkel. Eg spør slik: Kvar går det politiske hovudskiljet?
SM og eg vil begge arbeide for ei rettferdig og berekraftig verd. Kven vil
me ha med oss i dette? Me vil ha med oss dei som tenkjer meir på andre enn
på seg sjølve. Me vil ha med oss dei som er konsekvente demokratar, også
når deira eigne synsmåtar eller kandidatar blir nedrøysta. Me vil ha med
oss dei som er villige til å ta belastninga til dømes med å ikkje gå inn i
jobben ein annan vart mobba frå, eller med å gå ned i levestandard om det
er fornuftig, eller med å kjempe for synsmåtar som er upopulære i miljøet.
Me vil ha med oss dei som er kritiske til makta, men også til eiga tenking.
Me vil ha med oss dei som leitar etter nye løysingar.
Eg har drive politisk arbeid i snart 30 år, i ml-rørsla, i to EU-kampar, i
distriktspolitikk, i bonde- og småbrukarlaget, i målrørsla og i ei rekkje
lokale stridsspørsmål på ulike stader eg har budd. Når eg ser på kven som
har av dei eigenskapane eg skisserte over, er det til dømes
A, som er Høgre-kvinne, som alltid står på for andre enn seg sjølv og
stadig blir attvald i kommunen for det om partiet kvir seg for å nominere
henne.
B, som representerte SV på Stortinget ein gong, og som har brukt tida
etterpå til utrøytteleg kamp mot globalisering.
C, som vart med i Frp fordi han i ungdommen kom i konflikt med ein etat om
ei garasjebygging og som truleg framleis er med i partiet, men som står på
for miljøvern og mot EU og mot rasisme.
D, som er Sp-dame og ein ukueleg grunnplansarbeidar og som les og les for å
forstå verda betre og for å bli betre til å få folk med på politisk arbeid.
E, som har ei fortid som stortingsrepresentant for Ap og som har brukt all
si tid etterpå i kamp for småkårsfolk.
F, som representerte eit av mellompartia på Stortinget og som pågåande og
utolmodig tok opp saker eg og det miljøet eg jobba i, reiste overfor han.
Eg kunne nemne langt fleire av vanlege folk og av folk med partitilhøyrsle,
også mange med eit revolusjonært, sosialistisk syn. Men eg kunne også nemne
folk med eit slikt grunnsyn som tykte EU-kamp var slitsame greier, som tok
jobben ein annan vart mobba frå, som har tenkt ferdig for livet og som har
ei maktpolitisk meir enn ei demokratisk grunnhaldning.
Altså tyder mine politiske røynsler gjennom snart 30 år på at det ikkje går
noko grunnleggjande skilje mellom dei med eit sosialistisk, revolusjonært
syn og andre folk. Røynslene tyder også på at det ikkje går noko
grunnleggjande skilje mellom den såkalla politiske venstresida og andre
folk. Dei grunnleggjande skilja er å finne andre stader, mellom aksept av
dagens tilstand og leit etter nye løysingar, mellom ego-tenking og
kollektiv tenking, mellom maktpolitikk og demokrati, mellom ukritisk
forsvar av eigen tenkemåte og eigen praksis og dei stadige spørsmålsteikna.
Attende til Klassekampen: Somme vil, om dei ikkje seier det høgt, at avisa
skal vere ein reiskap for rest-AKP. Andre vil at avisa skal ha og difor òg
primært vere for dei med eit sosialistisk, revolusjonært grunnsyn. Andre
att snakkar om venstresidas avis. Eg vil at avisa skal stå for nytenking,
opprør, konsekvent demokrati, global økonomisk rettferd og berekraftig
miljø, for å uttrykkje det gjennom stikkord. Altså at avisa skal vere slik
at personane A til F ikkje berre finn seg heime i henne, men at ho
uttrykkjer det grunnsynet desse og me som trur revolusjon kan løyse ein del
av problema, har felles.

Olav Randen